Hopp til innhold

To av tre bygg tilhøyrer framleis ein forsvunne fylkeskommune

Fem av dei nye storfylka reknar med å bruka 43 millionar kroner på å byta ut skilt. I Vestland har to av tre bygg framleis dei gamle skilta.

Gamle skilt for Hordaland fylkeskommune i Vestland fylkeskommune: Bergen maritime videregående skole.

FRAMLEIS HORDALAND: Det er framleis att mange gamle skilt i Vestland fylke.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Viken, Vestland, Vestfold og Telemark, Innlandet, og Agder har sett av til saman 43 millionar kroner for å skifta namn og fylkesvåpen på skilt som heng på veggane.

Det sjette samanslåtte fylket, Troms og Finnmark, har ikkje tenkt å bruke ei einaste krone på nye skilt. Det er fordi dei vil skiljast att, og vil unngå å måtta skilta tilbake innan kort tid.

– Både bygningar og bilar er framleis merka med dei gamle logoane, opplyser kommunikasjonssjef i Troms og Finnmark, Knut Are Mortensen.

Vestland ligg bakpå

Under ein vidaregåande skule med to store skilt med gammalt fylkesvåpen og «Hordaland fylkeskommune» står eigedomsdirektør Jostein Fjærestad i Vestland fylkeskommune.

– Fylkestingspolitikarane valde å utsetja investeringa til i år, så først no har me byrja å skifta ut skilta, forklarar han.

Fjærestad anslår at:

  • 30 prosent av skilta i Vestland er skifta ut
  • 30 prosent er under arbeid med byggjesøknadar, skiltplanar og produksjon av skilta
  • 40 prosent står att

Dermed står det framleis Hordaland og Sogn og Fjordane på to av tre bygg. Snart 20 månadar etter at dei gamle fylka vart til Vestland.

– Treng de byggjesøknad berre for å byta ut «Horda» med «Vest» på skilta?

– Ja, alle utvendige skilt må byggjesøkast. Det er noko av det som tar lengst tid, når me skal søka til så mange kommunar.

Jostein Fjærestad, eigedomsdirektør Vestland fylkeskommune

SEIG PROSESS: Eigedomsdirektør Jostein Fjærestad i Vestland fylkeskommune fortel at det må sendast byggjesøknad sjølv om dei berre skal bytta ut fylkesvåpenet og fem bokstavar på eit skilt.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Vestland fylkeskommune har budsjettert med å bruke 16 millionar kroner på å byta skilt.

Sjølv om dei mindre samanslåtte fylkeskommunane snart er i mål, har Vestland fylke eit godt stykke att før dei er ferdige. Dei andre har rett og slett prioritert det høgare, seier Fjærestad.

Ifølge Per Hausle frå Davik i Nordfjord gjer det ingenting.

– Dei treng ikkje setja opp Vestland. Vi kan gå tilbake til Sogn og Fjordane. Eg har ikkje noko forhold til Vestland, eigentleg, seier han.

Per Hausle.

UNØDVENDIG: Per Hausle frå Nordfjord meiner ein ikkje treng å byta skilt.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Viken har is i magen

Heller ikkje Viken fylkeskommune er særleg begeistra for samanslåinga. Dei omprofilerte fylkeshusa til Drammen, Oslo og Sarpsborg allereie i 2019 og 2020, i tillegg til alle fylkesvegane og over 200 køyretøy.

Men resten er utsett «i påvente av avklaringar om Vikens framtid». Der dreier det seg om 87 skulebygningar, 61 tannklinikkar, samt nokre andre lokasjonar for fylkesadministrasjonen.

I Viken er omskiltinga er venta å kosta 11 millionar kroner.

Nytt bygg for Vestland fylkeskommune under oppføring i Bergen

NYBYGG: I Bergen vart like godt den gamle sentraladministrasjonen til Hordaland fylkeskommune rive. Nytt bygg for Vestland fylkeskommune er under oppføring.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Agder fylkeskommune var derimot meir enn positive til samanslåinga, og omskilta alt av bygningar i løpet av 2019 og 2020. Aust- og Vest-Agder er dermed viska vekk frå fylkeshuset, eit administrasjonsbygg, 21 skular, 28 tannklinikkar, tre karrieresenter, fem vegkontor og éin sykkelbane.

Prislappen vart 4 millionar kroner. Kommunikasjonsleiar Svein Buer understrekar at fleire av skilta var i dårleg forfatning og snart måtte ha blitt skifta uavhengig av fylkessamanslåinga.

Vestfold og Telemark fylkeskommune er i sluttfasen av omprofileringa av den nye fylkeskommunen.

Dei anslår at det skal lagast nytt fylkesnamn på til saman 1630 skilt. Berre 120 av dei er ikkje påbegynt. Nokre av stadene det skal bytast skilt – særleg skulane – har mange bygg og opptil 40 skilt.

Innlandet fylkeskommune har budsjettert med 4,9 millionar kroner til omprofilering, inkludert alle 173 bilane deira. Tre fylkeshus er ferdig profilert. Dei fleste skular og tannklinikkar vil bli ferdig profilert i løpet av 4-5 uker.

I Vestland fylke tek eigedomssjefen konkurransen frå dei andre samanslåtte fylka med ro.

– Det høyrest ut som Vestland trenerer heile greia litt, i tilfelle det ikkje blir naudsynt å skifta skilta likevel?

– Nei, det har me ikkje tenkt på i det heile tatt, forsikrar eigedomssjefen.

Voss tannklinikk

NYE SKILT I EMNING: Desse skilta heng på lånt tid ifølge eigedomssjefen i Vestland fylkeskommune.

Foto: Lidvard Sandven / NRK