Hopp til innhold

Borna har mange spørsmål om krigen: – Eg blir litt bekymra

Ariana Leonhardsen (13) og klassekamratene synes det er skummelt med krig. Vær ærlege med borna, rådar Mental Helse.

Arina Leonhardsen (til venstre), Bertine Marskar-Strønen og Amund Grimelid

URO: Arina Leonhardsen (til venstre), Bertine Marskar-Strønen og Amund Grimelid i 8C på Førde ungdomsskule følger med på krigen i Ukraina. Dei er litt bekymra over det som skjer.

Foto: ASTRID IREN SOLHEIM KORSVOLL / NRK

– Det er dumt og trist at det skal vere krig, seier Arina Leonhardsen.

Ho og fleire av klassekameratane i 8C ved Førde ungdomsskule er urolege for krigen som herjar i Ukraina.

Mange av dei følger hendingane gjennom sosiale media, som Snapchat og TikTok.

Amund Grimelid er blant dei. Han ikkje er veldig bekymra, men éin tanke svirrar litt:

– Dersom det blir storkrig i Europa og det blir brukt atombombe, seier 13- åringen.

Klassevenninna Bertine Marskar-Strønen snakkar ein del med vennane om det som skjer. Ho er ikkje redd for at det blir krig i Noreg, men synest det er skummelt at det skjer i Europa.

Utfordrande å undervise om krigen

– Er det nokon som er bekymra for det som skjer i verda no? Spør samfunnsfaglærar Hedda Håberg elevane i 8C.

Hedda Håberg underviser elevane i 8c

MANGE SPØRSMÅL: Hedda Håberg merka godt at elevane i 8c lurte på mange ting om krigen i Ukraina.

Foto: Astrid S. Korsvoll / NRK

Eigentleg skulle elevane lære om økonomi første timen etter vinterferien, men planen blei raskt endra.

Svara frå elevane er blanda, men dei fleste verkar ikkje redde. Likevel er spørsmåla mange. Fleire lurer på kvar Putin har våpena sine og kva som skjer vidare. Håberg forklarar så godt ho kan.

Læraren ser at mange av elevane hentar informasjon frå TikTok.

– Det overraska meg at det er den største informasjonskanal til 13- åringane. Dei har fått med seg mykje meir enn eg trudde.

Håberg synest det er utfordrande å undervise om krigen.

– Du må vere i nuet. Vi har også elevar med ulike nasjonalitetar på skulen, så vi må passe på at alle blir ivaretekne.

Hedda Håberg, lærar på Førde ungdomsskule

VANSKELEG: Å undervise om krigen i Ukraina er utfordrande. Det synest Hedda Håberg, samfunnsfaglærar ved Førde ungdomsskule.

Foto: Astrid Solheim Korsvoll / NRK

Korleis snakkar ein med born og unge om det som skjer?

– Ver ærlege, seier Johanna Myklebust, i Mental Helse Noreg.

– Borna kjem til å få med seg mykje meir enn vi trur. Ein må også tilpasse informasjonen til borna sin alder og finne gode forklaringar.

Tenåringar vil ha større forståing for komplekse forklaringar enn ein seksåring, legg ho til.

Det er viktig å lytte og ta ungane si uro på alvor.

– Det er heilt i orden om dei er bekymra og redde, men vi må også trygge dei på at det er vaksne som har sett dette i gang, og som må finne løysningane.

Sjølv om ein skal sette av tid til å lytte og snakke om krigen, er det også viktig å få fram at det ikkje er krig i Noreg, seier Myklebust.

Ho rår dei vaksne til å vere gode rollemodellar, og at vi ikkje les og kommenterer nyheiter om krigen heile tida.

– Vi skal sjølvsagt sette av tid og vise forståing, men ein kan også kan skjerme seg litt. Det er lov å legge vekk bekymringane og konsentrere seg om det som er kvardagen no.

For dei som har eit ønske eller behov for å hjelpe, kan både små og store samle inn pengar, eller vise omsorg for personar i nærområdet som er råka av krigen, seier Myklebust.

Fleire elevar med russiske foreldre

Inne på rektoren sitt kontor på Førde ungdomsskule, har Hallgeir Hamre gått ut med informasjon til lærarane, om korleis dei skal snakka med elevane.

Hallgeir Hamre, rektor ved Førde ungdomsskule

TRYGG STAD: Det er viktig at skulen gir informasjon, men også at elevane kan kjenne seg trygge her, seier rektor Hallgeir Hamre ved Førde ungdomsskule.

Foto: Astrid Solheim Korsvoll / NRK

– Vi skal gi elevane informasjon om det som skjer, men vi er også opptekne av at skulen skal vere ein trygg plass for borna, seier Hamre.

Han ser at det varierar kor opptekne elevane er av krigen.

Skulen har fleire elevar med russiske foreldre. Rektoren trur ikkje dette vil føre til problemer for dei elevane, men har informert dei tilsette om å vere bevisste på det.

– Det er viktig at elevane forstår at det er eit styresett med Putin som er utfordringa. Ikkje det russiske folk, seier Hamre.

For dei tre klassekameratane i 8C er også opptekne av dette.

– Det er litt dumt dersom nokon trur det. Det er jo Putin og folka hans som gjer dette, seier Arina Leonhardsen.