I søndagens kamp mot Odd var det ikkje noko unntak. Etter 43 minutt i første omgang dribla Mane like utanfor sekstenmeteren til Odd, vart felt og gjekk fram for å ta frisparket sjølv.
Med frisparkperla mot Brann friskt i minne frå førre helg, sette publikum seg fram på stolkanten, klare til å jubla om ballen gjekk i mål.
MAGISKE MANE: I alle fall på frispark.
Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpixBallen sat klistra i krysset, og Odd-keeper André Hansen hadde ikkje ein sjanse. 1–0 til Sogndal.
– Det var veldig kjekt å scora. Eg visste det kom til å bli mål med ein gong eg trefte ballen, og det var ei veldig god kjensle, seier Mane.
- LES OGSÅ:
«Sparka ballen ned i Fjøra»
Men ballane har ikkje alltid gått i mål når Mane har prøvd seg.
– Me har jo sett han scora på frispark då han spelte i Kasakhstan. Me gav han sjansen i heile fjor, men då skaut han ballen nesten ned i Fjøra (om lag ein kilometer i luftlinje, red. amn.), smiler Sogndal-trenar Jonas Olsson.
Men i år har han sett tre frispark rett i mål. Verken mot Brann, Træff (cupen) eller Odd hadde keeper i det heile tatt håp om å ta ballen.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Han har scora nokre fantastiske mål i det siste, seier Sogndal-trenar Jonas Olsson.
FEIRA: Per Egil Flo og Malick Mane feirar 1-0-målet mot Odd søndag.
Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpixDet er Ørjan Hopen som har vore Sogndal sin faste frisparkskyttar dei siste åra. Men Hopen har vore ute med skade, og i hans fråvêr har Mane teke ansvar denne sesongen.
– Får Hopen tilbake rolla som fast frisparkskyttar, eller må dei to kniva om det no?
– Det spelar ikkje so stor rolle for meg, so lenge ballen går i mål, smiler Olsson.
– Mane er ein sta kar
Også søndagens andre målscorar, Eirik Bergum Skaasheim, skryt av lagkompisen sin frisparkfot
– Han har vist at den foten kan vera gull verdt, og me kan venta oss fleire mål også, trur eg, seier Skaasheim.
– Får Hopen tilbake klyppekortet sitt på å ta frispark når han vert skadefri, eller må dei to krangla om det, trur du?
– Nei, eg trur det kan bli litt krangling. Mane er ein sta kar, so han slepp ingen gratis til, smiler Skaasheim.