Hopp til innhold

Dette gjer Mané betre enn sjølvaste Messi

Sogndal sin kantjuvel, Malick Mané, driblar betre enn sine langt meir kjende kolleger som Messi, Robben, Ribery og Bale.

Mane og Messi

BEST MED BALL: Driblekunstnaren Malick Mane har hittil i sesongen hatt ein suksessprosent på over 90 prosent med sine finter.

Foto: Scanpix

I følgje vg.no har sogndalsspelaren frå Senegal lukkast med 33 av 35 driblingar i år. Noko som gjev ein suksessprosent på 94. Det er tal frå fotballanalyseselskapet Opta som syner dette.

Dei største driblestjernene i Europa, som til dømes Lionel Messi og Arjen Robben, er langt bak kanspelaren på Fosshaugane. Dei har ein suksessprosent på høvesvis 63 og 59 prosent.

– Talet (94 prosent) er bra uansett. Men det er spesielt bra jo lenger fram på bana han driblar, jo trangare romma er rundt han og jo fleire forsvararar han klarer å passere med ei dribling, seier TV-kanalen C More sin fotballekspert, Lars Tjærnås.

Mané, som har gjort det svært godt for Sogndal denne sesongen, vart i utgangspunktet henta til klubben som spiss. Men han spelar no på kant og utgjer ei nærast konstant fare for motstandarane.