Hopp til innhold

Måndag opnar dei brannherja tunnel for kolonnekøyring

Fjærlandstunnelen blir opna att for kolonnekøyring etter brannen måndag morgon.

skader etter tunnelbrann i fjærlandstunnelen

DRAMATISK: 13 menneske havna på sjukehus etter brannen i Fjærlandstunnelen natt til tysdag.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Første kolonne går frå Skei-sida klokka åtte, melder Statens vegvesen.

– Vi opnar Fjærlandstunnelen for styrt trafikkavvikling måndag morgon. Det blir kontinuerleg kolonnekøyring, med inntil 30 minutts ventetid, seier avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen.

Frå Fjærland-sida blir då første mogelegheit til å sleppe gjennom tunnelen rundt klokka kvart over åtte.

Det vil vere inntil 30 minutts ventetid mellom avgangane frå kvar av sidene, og ledebilsjåførane vil tilpasse det slik at rutebussane vert minst mogleg forseinka.

Styrt trafikkavvikling vil vere gjeldande inntil ny beskjed blir gitt, då det framleis er arbeid i tunnelen som må gjerast ferdig.

– Reparasjonsarbeidet går føre seg i dag for fullt inne i tunnelen, og vil vare gjennom helga. I dag er det påføring av sprøytebetong for å sikre tunneltaket på brannstaden, det blir sett inn fjellsikringsboltar, og snart startar arbeidet med å reparere det elektriske systemet i tunnelen. Tunnelen skal òg vaskast grundig før opning måndag morgon, fortel regiondirektør Svenn Egil Finden.