Manchester City-spelar til Sogndal

Chidiebere Nwakali er på utlån frå Premiere Leauge-klubben Manchester city til Sogndal. I fjor var midtbanespelaren på utlån til Start. – Dette er ein seriøs og veldig ambisiøs gut. Han er ein særs spennande type, som allereie har gjort seg gode erfaringar. Me gler oss til å ha han her hjå oss, seier sportsleg leiar i Sogndal, Håvard Flo til Sogndalfotball.no.