Hopp til innhold

Manar til strid mot Drammen i kampen om 70 arbeidsplassar

Det bryggar opp til politisk kamp om kvar politiet si lønsavdeling og 70 arbeidsplassar skal lokaliserast. Florø kjempar no vidare mot Drammen.

Ola Teigen

VIL KJEMPE: Ap-ordførar Ola Teigen i Flora meiner Politidirektoratet må snu.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Begge byane vart taparar då nærpolitireforma blei gjennomført. Florø mista politidistriktet til Bergen, medan Drammen mista politimeisteren til Tønsberg. No vil Politidirektoratet (POD) flytte dei 100 arbeidsplassane frå Oslo til nabobyen, i staden for til kystbyen.

– Eg er ikkje så veldig overraska. Nærpolitireforma har jo blitt kritisert for å vere ein sentraliseringsreform og no følgjer jo Politidirektoratet opp det stempelet med å leggje tenester som dei kunne ha desentralisert til Oslo og omland. Eg er veldig skuffa, men ikkje overraska, seier Flora-ordførar Ola Teigen til NRK.

Han har tidlegare signalisert tydeleg at politiarbeidsplassane bør leggjast til Florø, men opplever no at POD slett ikkje er samde med politikarane i Sogn og Fjordane.

– Drammen blir vurdert til å vere det klart mest kostnadseffektive alternativet når det gjeld kostnader til drift, omstilling, rekruttering og opplæring, skriv POD i ei pressemelding.

– Drammen er best

Dei innrømmer at Drammen blir vurdert lågare enn fleire av dei andre alternativa når det gjeld omsynet til staten sin lokaliseringspolitikk.

– Etter ei heilskapsvurdering vurderast likevel Drammen som det beste alternativet for etablering av løns- og rekneskapseininga, meiner POD.

Dette får Flora-ordførar Ola Teigen til å sjå raudt. Han meiner mellom anna at det har vore vanskeleg å få ut informasjon om prosessen, både for kommunen og for det lokale politiet.

– No har det kome eit høyringsforslag. Det har vi tenkt å følgje opp og jobbe med framover for å vise vi ønskjer ei heilt anna utvikling når det gjeld å lokalisere tenester til vårt fylke, seier Teigen.

Video Responstid for politiet tema på Stortinget.

NYE ARBEIDSPLASSAR: Politiet skal opprette ei ny eining for løn- og administrasjon.

Foto: Nyhetsspiller

Vil ha politisk hjelp

Han manar no til ein felles kamp for å få POD til å snu i saka, og meiner at alle gode krefter i Sogn og Fjordane må jobbe for å få arbeidsplassane lagt til Florø i staden for til Drammen.

– No ser vi at det er fleire og fleire politiske parti som tek til orde for utflytting av statlege arbeidsplassar. No har dei sjansen til å vise at dei meiner noko med det og be POD om å revurdere denne lokaliseringa.

Forslaget frå POD om plassering av ei ny eining med 70 arbeidsplassar ligg no ute til høyring til 6. juni.