Hopp til innhold

Mana til kamp mot sentralisering

FØRDE (NRK): Det var tre samstemte kvinner som fekk ordet først på Senterpartiet sitt fylkesårsmøte som starta i dag.

Liv Signe Navarsete

TIL ÅTAK: Stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete gjekk til åtak på regjeringa si sentraliseringsiver.

Foto: Silje Guddal / NRK

Karen Marie Hjelmeseter

DUMSKAP: Fylkesleiar Karen Marie Hjelmeseter skildra dei store sentraliseringsspørsmåla som politisk dumskap.

Foto: Silje Guddal / NRK

Fylkesleiar Karen Marie Hjelmeseter, fylkesordførarkandidat Jenny Følling og stortingspolitikar Liv Signe Navarsete gjekk i kvar sin tale laus på det dei meiner er ei svært sentraliseringslysten regjering.

Dei tre første talarane la alle vekt på alle dei ulike reformene som er sett i gong av regjeringa, og konsekvensane dei meiner det kan får for Sogn og Fjordane.

– Politisk dumskap

Fylkesleiar Karen Marie Hjelmeseter var ikkje nådig i sin omtale av politireformen, der regjeringa ønskjer å slå Sogn og Fjordane politidistrikt saman med Hordaland, med politimeister i Bergen.

– Politisk dumskap, seier eg. Regjeringa held på å byggje ned fylket og dei gode fellesstrukturane vi over tid har bygd opp i Sogn og Fjordane. Dei har synt seg effektive og velfungerande i mange alvorlege hendingar i den seinare tid. Dette kan vi ikkje akseptere. Her må det kjempast til the bitter end, sa Hjelmeseter.

Ei rekkje saker

Hjelmeseter tok opp ei rekkje saker som er på gong, som ho meiner vil skade Sogn og Fjordane. Tett etterpå gjentok neste talar mykje av det same.

Regjeringa vil har endring. Men all endring er sentralisering, sa stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete.

– Det er politireform, det er 110-sentralen, AMK-sentralen, sjukehusplan som kjem, skattekontor, jordskifterettar, tingrettar, regionkontoret for mattilsynet, det er NAV og det er Fylkesmann og kven veit kva som skjer med fylkeskommunen.

Lokaldemokrati

Navarsete meinte regjeringspartia har si eiga forståing for lokaldemokrati.

– Det er følgjande: du skal sjølv få lov til å bestemme det andre har bestemt at du skal meine, sa Navarsete.

Også Navarsete fokuserte tala si kring ei regjering som ho meiner konstant kuttar utanfor dei store byane.

Samstundes vart det frå talarstolen peika på at dette er saker som vert sett på som kjernesaker for partiet, og såleis kan vere positivt i den komande valkampen.

Skremselspropaganda

Jenny Følling, partiet sin fylkesordførarkandidat minte tilhøyrarane om at partiet vart skulda for skremselspropaganda under førre valkamp.

– Men eg trur at det som skjer no, er ein ikkje i nærleiken av å ha trudd, sa ho.

– Vi har eit beredskapssamarbeid som har stått seg gjennom tunge hendingar og som blir trekt fram i landssamanheng. No skal dette splittast opp. All lokalkunnskap er ikkje så nøye lenger, sa ho.