Målte vindkast på 45 meter i sekundet i natt, no er det «berre» full storm...

Det har vore orkan på Kråkenes fyr i Sogn og Fjordane i natt. På det meste vart det målt 45 meter i sekundet. No er vinden nede i «berre» full storm ...

Orkan ved Kråkenes

VINDFULLT: Ved Kråkenes fyr i Måløy er dei godt vane med ruskete vêr. I natt reiv det nok godt i det vesle huset ute på neset.

Foto: Torfinn Kråkenes/yr.no / NRK/skjermdump

– Jau, det bles godt, det er det ikkje tvil om. Men akkurat no er vinden nede i full storm, så det er jo betring, seier vakthavande statsmeteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet, Arnstein Tjøstheim.

Han legg til at på middelvind så er maksimal vindstyrke målt til 38,1 i løpet av natta.

– Men det er over ti minutt. Så at kasta har vore over 40 ved fleire høve, er det ikkje tvil om. Det har nok teke godt, seier Tjøstheim.

Vinden skapar krøll for fleire ferjesamband på Vestlandet.

  • E39 ferjesambandet Lavik – Oppedal: Går no som normalt etter oppsette ruter.
  • Fv 616 Rugsundbrua: Stengd på grunn av sterk vind
  • Fv 616 ferjesambandet Oldeide–Måløy: Innstilt på grunn av sterk vind
  • Fv 57 ferjesambandet Leirvåg–Sløvåg: Innstilt på grunn av sterk vind
  • Fv 662 Torheim – Eid: Opna klokka 13 etter oppryddingsarbeid etter ras.
  • SJÅ OPPDATERTE VEGMELDINGAR

Sender ut nytt OBS-varsel

Måløybrua har automatisk stenging når vindstyrken når eit visst punkt, og brua var stengd fleire gonger i natt. Også her var det målt vindkast opp i 41 m/s.

Ifølgje meteorologen vil ikkje vinden gje seg med det første.

– Nei, det blir mykje vind langs heile kysten i heile dag. I indre strøk kjem det også mykje nedbør, seier Tjøstheim.

Det vil bli sendt ut nytt OBS-varsel i løpet av kort tid.

– Vi ventar mellom 50 og 70 millimeter nedbør på 12 timar. Det er ganske mange bøtter per kvadratmeter, for å seie det pent, seier Tjøstheim.

Tidlegare i dag gjekk Vegtrafikksentralen ut og åtvara folk mot å ferdast på vegane dersom det ikkje er strengt naudsynt.

(Artikkelen held fram under bildegalleriet)

Vil ikkje kalle det ekstremt

Det er mykje pålandsvind, i kombinasjon med mange kraftige lågtrykk i kø utanfor norskekysten som er årsaka til ruskevêret som no rammar Vestlandet med full styrke.

– Vi vil ikkje kalle det ekstremt. Men det er viktig å ha i bakhovudet at det allereie har regna mykje over lengre tid. Når jorda er metta med vatn, kan store nedbørsmengder fort få konsekvensar, seier Tjøstheim.

Difor har NVE sendt ut varsel om auka fare for jord- og flaumskredfare, oransje nivå for Vestlandet.

NVE understrekar at skredfaren er størst der byene treffer, og ber folk følgje med på vêrradaren på yr.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Flaum i Førde sentrum

HØG VASSTAND: Mange stadar står vatnet unormalt høgt. Her i Førde sentrum der elva Jølstra testar ut grensene.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Ver budd på vêr og vind

Det er venta noko mindre nedbør i natt, men grunnvasstanden stig raskt i sørlege delar av varslingsområdet.

Bratte skråningar og bekkar og elveløp med stor vassføring er spesielt utsett, og NVE rår folk til å prioritere reinsing av dreneringsvegar og stikkrenner.

– Eg ville teke mine forholdsreglar når vêret er som det er no, seier Tjøstheim.