Hopp til innhold

Målte ny vindrekord då dei slepte lastebåt gjennom stormen

Vindmålaren på RS «Halfdan Grieg» synte 54 meter i sekundet då dei slepte den 70 meter lange lastebåten med motorstopp til land.

Vindmålaren på Halfdan Grieg

NY REKORD: På instrumentpanelet i hytta på redningsskøyta synte vindmålaren 54 m/s.

Foto: RS Halfdan Grieg

– Eg har aldri sett så høg vindstyrke før. Vi har som regel at vi dokumenterer når vi har ny rekord på vindmålaren, og det hadde vi i dag, seier skipper Geir Antonsen.

Han understrekar at ein her snakkar om vindkast og ikkje vindstyrke målt over tid. Men kasta merkast godt.

– Det rugga godt. Vi har vore ute i verre vêr, men ikkje ofte. Bølgjene var vel ein åtte-ti meter, seier Antonsen.

Kunne vore kritisk

Det var i 15.30-tida at Hovudredningssentralen fekk melding om at lasteskipet «Loyalty Express» hadde motorhavari og dreiv med straumen nokre nautiske mil vest for Bremangerlandet. Men vêret var særs dårleg, og båten dreiv mot eit område som var for grunt.

– Hadde båten drive inn i dette området, kunne det vore kritisk, seier redningsleiar ved Hovudredningssentralen, Nils Ole Sunde.

Mannskapet på redningsskøyta følgde nøye med på korleis lastebåten dreiv medan dei hasta utover. Hakk i hel kom slepebåten «BB Supporter», også denne med utgangspunkt i Måløy.

– Når dei melder dårleg vêr, pleier vi å trekkje oppover mot Måløy. Hadde vi lege i Florø, trur eg nok dei måtte ha evakuert dei åtte om bord, seier Antonsen.

Vindmålaren på RS «Halfdan Grieg» synte 54 meter i sekundet då dei slepte den 70 meter lange lastebåten med motorstopp til land.

NESTEN INNE: Redningsskøyta og havaristen på veg inn til Måløy. Foto: Inge Skavøypoll

Dreiv i tre nautiske mil

Båten dreiv vel tre nautiske mil medan redninga var på veg, og då redningsskøyta fekk festa slepet, hadde lasteskipet att halvanna nautisk mil til det kritiske punktet der skjera er.

– Opphavleg skulle vi halde havaristen til slepebåten kom fram, sidan vi går noko fortare. Men då vi kom fram, ville HRS ha oss til å slepe, rett og slett fordi dei ikkje ville vente lenger. Men slepebåten var med oss heile tida, i tilfelle noko skulle skje, seier Antonsen.

Loyalty Express

HØGE BØLGJER: Bølgjene var mellom åtte og ti meter då redningsaksjonen stod på.

Foto: Redningsskøyta Halfdan Grieg

Lastebåten var utan last, og gjekk med ballast då uhellet skjedde. Det trur ikkje Antonsen var nokon fordel.

– For oss som skal slepe, betyr det ingenting. Men båten vert meir uroleg med ballast, så det merka dei nok om bord, seier Antonsen.

Lastebåten «Loyalty Express» ligg no til kai i Måløy, og alt skal stå bra til med mannskapet på åtte. Det er førebels uvisst kva som var årsaka til motorhavariet.