Hopp til innhold

Målprisen til Tokvam og Folgerø

- No er det berre å trekke seg tilbake, seier Finn Tokvam.

Halvor Folgerø og Finn Tokvam

- Me har så smått teke til å forstå kor stor denne prisen eigentleg er, seier Finn Tokvam etter at han laurdag kveld vart overrekt Noregs Mållag sin målpris.

- Folgerø, som er ein sindig stordabu, måtte rett i konjakken då han fekk vita dette, seier Tokvam og prisen som plasserer dei i same selskap som Hellbillies, Kjartan Fløgstad og Are Kalvø.

Allsidig verksemd

I grunngjevinga frå mållaget blir det lagt vekt på den allsidige verksemd dei to har bak seg med radio- og tv-programmet Radio Røynda, populærmusikkorkesteret Finn-Erix, boka ”Tyl” og suksessrevyen ”Vestlandsrevyen”, som etter planen skal ut på turne no i haust.

(Artikkelen held fram under biletet)

Finn-Erix

Populærmusikkorkesteret Finn-Erix i samspel med Bergensfilharmonien.

Foto: NRK

Ikkje harselas

Tokvam og Folgerø sin ironiske omgang med utkantstrøk og nynorsk har av enkelte vorte oppfatta som harselas, men i det store og heile har dei to opplevd at humoren deira har gått rett heim hjå målfolket.

- Det dobbeltsidige gjennomsyrer alt det nynorske. Det må vere litt ilt om det skal vere godt, og det må vere litt trist skal det vere morosamt.

- Det me har gjort er å snu alt på hovudet slik at utkant blir sentrum, nynorsk blir hovudmål og så vidare, seier Tokvam.

Helsing frå "Vetle-Ivar"

Halvor Folgerø sin karakter ”Vetle-Ivar” var også representert under prisutdelinga i Stavanger, men berre med ei lydhelsing.

- Han ga utrykk for at han var skuffa over at han ikkje gav prisen, men bad om forståing for at han ikkje stilte på utdelinga i år. Han er framleis skamfull over det som skjedde i fjor då ein kvinneleg delegat frå Nord-Trøndelag ba han om å ”beføle” ho, og han reagerte med sinne. Han likar ikkje sideformer, seier Tokvam.

- Me har faktisk fått tilbakemeldingar som me kan tolke som negative på ”Vetle-Ivar”. Ein eldre mål-entusiast tok han for å vere ein ekte person og skreiv eit brev på skrivemaskin til oss der han drog linjene frå andre målfolk i kringkastinga, som Arthur Klæbo, og meinte ”Vetle-Ivar” hadde eit noko fattig språk fordi han sa ”sattan” så ofte. På slutten orsaka han eventuelle skrivefeil med at han var blind. Det er dumt at me har rota vekk det brevet, erkjenner Tokvam.

Dansa til Klemetsen

Korleis dei vil bruke målprisen til sin fordel har dei ikkje tenkt ut enno, men dei kjem ikkje til å stikke den under ein stol.

- I sivil er me kledeleg audmjuke, men når me får på oss velurdressane til Finn-Erix kjem me nok til å slå på stortromma. No er me forresten to prisvinnarar i eit orkester på tre, men sidan organisten vår har vunne fylkeskulturprisen for Sogn og Fjordane tidlegare så er det vel greitt, seier Tokvam, og siktar til Odd Erik Lothe.

Etter festmiddagen laurdag feira Folgerø og Tokvam på det dei meiner var ein framifrå måte.

- Då var det rett ned i hotellkjellaren der Team Klemetsen spelte. Der dansa me til ”Ola var frå Sandefjord”. Betre kunne det ikkje bli, flirer han.