Hopp til innhold

Mållaget vil at kongen skal tale på nynorsk

Mållaget vil at Kongehuset skal byrje å halde talar på nynorsk. – Ingen skal påleggast å snakke eit språk som ikkje er deira, svarer Riksmålsforbundet.

Stortingsmiddag på Slottet

TALAR: I dag held Kong Harald og resten av familien hans alle talar på bokmål. Mållaget vil ha slutt på dette.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

I eit utkast til nytt arbeidsprogram foreslår Noregs Mållag at 25 prosent av talane til kongehuset bør vere på nynorsk.

Det var Sogn Avis som fyrste melde saka.

– Det er kanskje ambisiøst, men det er ikkje eit urimeleg krav. Kongehuset er til for heile Noreg, og må ta i bruk heile den norske språkskatten, seier leiar i Mållaget. Peder Lofnes Hauge til NRK.

Han legg til at medlemmane i kongehuset «har gått på skule og fått opplæring, så dette trur eg dei klarer fint».

– Det er nok andre ting som Stortinget har vedteke for denne familien som er meir inngripande enn at dei bruker nynorsk av og til.

Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag

HAR TRUA: Leiar Peder Lofnes Hauge i Noregs Mållag trur kongen vil synest det vil vere stilig å halde talar på nynorsk.

Foto: Synne Lykkebø Hafsaas / NRK

Forslaget er ikkje utan historisk førelegg. I eit intervju med Norsk Barneblad i 1933 gav Kong Haakon si støtte til målsaka.

– Språket vi snakkar og skriv er jo dansk. Det vart jo innført av danske embetsmenn, som sjølv burde ha lært norsk. I staden byrja folk å snakke dansk fordi dei trudde det var finare. Dette svekka den norske nasjonskjensla. Det er rimeleg at målreisingssaka vil gjere slutt på tanken om at dansk er finare enn norsk, sa Kong Haakon den gongen.

NRK har vore i kontakt med kongehuset, som seiar følgjande:

– Vi arbeider for at 25 prosent av innhaldet på våre nettsider skal vere på nynorsk. I dag blir talane publiserte på bokmål, tett opptil målføra Kongefamilien brukar.

Mållaget vil at Kongehuset skal byrje å halde talar på nynorsk. – Ingen skal påleggast å snakke eit språk som ikkje er deira, svarer Riksmålsforbundet.

IKKJE MINDRE FINT: I eit intervju med Norsk Barneblad i 1933 gav Kong Haakon si støtte til målsaka.

Foto: FAKSIMILE

Skeptisk konge-ekspert

Carl-Erik Grimstad, stortingsrepresentant for Venstre og tidlegare soussjef ved slottet, trur ikkje kongehuset synest det vil vere stilig å halde talar på nynorsk.

– Det kan fort verte litt unaturleg og kunstig viss ein person som naturleg brukar ei anna målform skal halde tale på nynorsk, seier han.

Han kallar forslaget eit sidespor og «ein heilt uaktuell diskusjon».

Eg synest det er mykje viktigare at offentlege institusjonar set av mildar og oppfyller det lovpålagde kravet om å svare skriftleg på nynorsk på brev og førespurnader – og bruke målforma i sosiale medium.

Carl-Erik Grimstad på Venstres landsmøte 2020

EKSPERT PÅ KONGEHUSET: Stortingsrepresentant Carl-Erik Grimstad meiner det vil vere unaturleg for kongen å halde talar på ei anna målform enn det han sjølv brukar.

Foto: Geir Olsen / NTB

Trond Vernegg er leiar i Riksmålsforbundet.

– Vi er prinsipielt imot kvotar. Språk er ei personleg sak. Det dreier seg om identiteten vår og kven vi er. Difor meiner vi at ingen skal påleggast å snakke eit språk som ikkje er deira, seier han.

Håpar på nyttårstale på nynorsk

Forslaget er del av eit førsteutkast til program som eventuelt vert vedteken på landsmøtet til neste år. No er utkastet ute på høyring.

– Eg trur det vil gå gjennom, då forslaget er offensivt og vil bidra til meir nynorskbruk i samfunnet, seier Lofnes Hauge.

– Kor realistisk trur du det vil vere at vi får nyttårstalen til kongen på nynorsk?

– Det må du nesten spørje kongen om. Men kanskje ein av fire talar? Viss eg var konge hadde eg teke halvparten, smiler han.

Kong Haakon

STØTTA MÅLSAKA: Kong Haakon sa i 1933 at målsaka var viktig for bygginga av nasjonalkjensla.

Foto: SCANPIX