Hopp til innhold

Malene sprang inn rekordsum til MS-forbundet

Malene Blikken Haukøy samla inn over 50.000 kroner då ho sprang Sognefjorden på langs i sommar. MS-forbundet jublar over gåva.

Malene Blikken Haukøy

NØGD: Malene Blikken Haukøy er svært nøgd at mange ville støtte aksjonen hennar.

Foto: Håvard Nesbø

– Det er ein fantastisk stor sum, seier generalsekretær Mona Enstad.

Fjelløpsdronninga Malene Blikken Haukøy frå Høyanger la bak seg 300 kilometer og nær 21.000 høgdemeter langs Sognefjorden i juli til inntekt for MS-forbundet.

– Eg sit att med ei god kjensle. Både fordi turen min gjekk over all forventing og for innsamlinga gjekk så bra. Alt i alt blei det eit veldig bra prosjekt.

Malene Blikken Haukøy

LANG TUR: Haukøy sprang 300 kilometer og nær 21.000 høgdemeter langs Sognefjorden.

Foto: Håvard Nesbø

Ho håpa på 10.000 kroner, men enda opp kring med 50.000 kroner frå kring 30 bidragsytarar.

– Det som overraska meg mest, er kor mykje enkeltpersonar har vore villige til å gi. Det er kjekt å sjå kor mykje folk har engasjert seg, seier ho.

Mora har MS

Sognefjorden på langs var eit prosjekt Haukøy hadde hatt i tankane lenge.

– Eg hadde tenkt på turen i mange år. Sidan det var eit omfattande prosjekt så fekk eg lyst å gjere noko meir ut av det. Eg tenkte på MS-forbundet på grunn av mamma.

Gro Blikken og Malene Haukøy Blikken

TURVENNER: Mora, Gro Blikken, vart råka av MS, då Haukøy var tenåring.

Foto: Privat

Då Haukøy var tenåring, blei mor hennar ramma av MS. Haukøy har alltid ønskt å gi noko tilbake til MS-forbundet, som ho meiner fortener ekstra merksemd for jobben dei gjer.

– For mange er MS ein ukjend sjukdom. Likevel har folk slått til og sett inn store summar. Der er mange innsamlingsaksjonar, og eg tykkjer det er veldig kjekt at folk har valt å støtte min. Det har vore ein suksess.

Håper på betre medisin

No håpar ho pengane går til forskingsprosjekt.

– Eg håper dei går til å finne ny og betre medisin. Eg har lyst at mor mi skal få eit så godt og langt liv som mogleg.

– Kva tykkjer mor di om det du har samla inn?

– Ho tykkjer det er veldig kjekt at eg hadde lyst å gjere noko meir ut av løpeturen.

Generalsekretær Mona Enstad i MS-forbundet med 9000 medlemer, ikkje er vande med slike gåver.

– Eg trur ikkje vi har hatt noko liknande der aksjonen til ein person har ført til ein slik stor sum. Vi får ikkje mange forskningsgaver, så tilskotet til forskingsfondet vårt i året varierer Om vi ikkje har spesialaksjonar ligg det på 200.000-300.000 kroner, så 50.000 kr er veldig mykje, seier ho.

Malene Blikken Haukøy

I MÅL: Løpeturen starta i Skjolden, inst i Sognefjorden, ein måndag morgon. Laurdagen kom ho fram til endestoppet i Leirvik i Hyllestad.

Foto: Håvard Nesbø