Hopp til innhold

Fylkeskulturprisen går til Malakoff

Hovudutval for kultur i fylkeskommunen har i dag vedteke å tildele årets fylkeskulturpris til Malakoff Rockfestival på Nordfjordeid.

Malakoff

SETT PRIS PÅ: Malakoff trekkjer kvart år tusenvis av unge og vaksne til Nordfjordeid.

Foto: Øystein Torheim

Festivalen på Nordfjordeid får prisen for å ha gjort seg bemerka nasjonalt og for å bidra til godt omdøme for heile Sogn og Fjordane.

– Det er først og fremst veldig glad og og veldig stolt at eg sit her på vegner av Malakoff Rockfestival. Ein stor organisasjon som ein jobbar med kvar dag og som eg har blitt veldig glad i. Når andre også då set pris på den jobben ein gjer, så blir ein sjølvsagt svært nøgd med det. Det var veldig stas, seier festivalgeneral Arnt Ivar Naustdal, til NRK.no.

Hovudutvalet framhevar Malakoff som eit godt døme på kva ungdommeleg innsats har å seie for å utvikle kulturlivet i fylket.

– Stort engasjement

– Festivalen starta som ei elevbedrift ved Eid vidaregåande skule. Vidare meiner utvalet at festivalen bidreg til godt omdøme og stoltheit hjå innbyggjarane både på Eid og i heile Sogn og Fjordane, heiter i det i ei pressemelding.

Malakoff er i dag basert på lokale krefter og dugnadsand og er samarbeidspart i rockeskulen på Eid.

– Det er eit stort engasjement og mykje dugnadsarbeid av alle aldersgrupper rundt festivalen. Arrangørane har vist evne og vilje til nytenking for å vere aktuelle og relevante for publikummet sit, meiner kulturpolitikarane.

Vil dele med friviljuge

Fylkeskulturprisen er på 50 000 kr og vert delt ut under møtet til fylkestinget i desember. Arnt Ivar Naustdal røper såpass at premiepengane vil gå til arbeidet blant dei friviljuge på festivalen.

– Eg er veldig glad for at Malakoff har fått prisen. Malakoff har blitt ein festival som ikkje berre er for Nordfjord, men for heile regionen og heile fylket. Vi får unge og vaksne frå heile fylket hit den helga i juli, og festivalen har blitt eit samlingspunkt, sler Naustdal fast.


Saka vert oppdatert!