Den sterke kvotenedgangen for norsk vårgytande sild, NVG-silda, skaper sysselsetjingsvanskar for dei mange store anlegga som tek imot sild og makrell.
Grunna nedgang i bestanden er kvotane på denne silda redusert frå 1 million tonn til 250 tonn dei siste fem åra.
- LES OGSÅ: Doblar kapasiteten for sild
– Betydeleg større import
Denne veka kjem dei fyrste fangstane frå utanlandske båtar inn. Fabrikksjef ved Norway Pelagic i Måløy, Magnus Strand, seier importen av makrell blir spesielt viktig i haust.
– Det er veldig positivt i ein situasjon der vi har nedgang NVG-kvoten, seier han.
Av den norske makrellkvoten står det framleis kring 70 tusen tonn att å fiske.
Men tilførsla av makrell frå skotske og shetlandske fiskebåtar vert svært viktig.
– Det vil vere betydeleg meir enn tilsvarande periode i fjor haust. For vår del vil det hovudsakleg vere frå Shetland, seier fabrikksjefen.
Utjamning
Den store importen gjer at fleire av dei 40 tilsette i Norway Pelagic har ein jobb å gå til, enn dei hadde hatt utan importen.
– Vi vil få ein tilnærma normal situasjon, der vi kompenserer nedgangen av NVG-sild med auka mottak og produksjon av nordsjøsild og makrell, seier Strand.
– Kva veit de om sild og makrell for neste år?
– Vi veit at det vil vere ein liten nedgang på makrell, medan det vil vere ein betydeleg nedgang på NVG-kvoten, seier han.