Hopp til innhold

Har kjempa for skipstunnel i 40 år: – Eg har sett så mykje gråt og tårer

MÅLØY/VANYLVEN (NRK): – Eg har sett så mykje elende ute på det havet, så mykje gråt og tårer. Dei som sit i djupe stolar på Stortinget har ikkje fått det med seg, seier mangeårig skipper Magne Sætren.

Magne Sætren

HAVET: Magne Sætren frå Måløy har mange år bak roret som skipper.

Foto: Steinar Lote / NRK

81-åringen kokar nesten over av begeistring medan han heisar flagget for Stad skipstunnel. Denne dagen har den pensjonerte redningsskøyteskipperen venta lenge på.

– Eg er rett og slett rørt. Eg hadde nesten starta å tvile på at det skulle gå i levetida mi, for eg har jobba med dette i vel 40 år.

Sætren kjenner Stadhavet betre enn dei fleste. Den tidlegare redningsskøyteskipperen hadde det vêrharde havstykket som arbeidsplass i 30 år.

Stadhavet har vore eit hinder så lenge det har ferdast folk på havet langs kysten av Vestlandet.

På tysdag blei det klart at Frp sikrar byggestart for skipstunnelen.

Når båtar er i havsnaud på Stadhavet er det redningsskøyta i Måløy som ofte har vore berginga. Der arbeidde Sætren som skipper frå 1971 til 2001. Han har sett båtar forlise og liv gå tapt.

Magne Sætren har heisa flagget.

FLAGG: Slik såg det ut i hagen til tidlegare skipper Magne Sætren i Måløy denne onsdagen.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Telefonstorm

Nyheita om skipstunnelen har fått folk langs heile kysten til å kontakte lokalpolitikar og tidlegare ordførar i Vanylven kommune, Jan Helgøy. Gjennom 30 år har han kjempa for å få på plass ein tunnel.

– Det var mellom 40 til 50 telefonar frå alt frå skipperar, kapteinar og losar, som no gler seg over heilårsveg over Stadhavet, seier Helgøy.

For dagens ordførar i Vanylven, Lena Landsverk, har det blitt både kake og kaffi.

– Det er stor glede for heile Vanylven og for Vestlandet, seier ho.

Jan Helgøy, Stad skipstunnel-forkjempar og Krf

BREITT GLIS: Forkjempar for skipstunnel og tidlegare ordførar, Jan Helgøy, kan gle seg over at det vert skipstunnel.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Lang prosess

Vegen mot byggestart for Stad skipstunnel har vore lang og kronglete. Fyrste gong nokon føreslo å sprenge tunnel gjennom Stadlandet var i 1874.

På 1980-talet vart det stifta eit selskap som skulle jobbe fram ideen. Sidan då er det vore laga meir enn 20 konseptvalutgreiingar.

I 2017 kom lovnadane som førte til jubel. Ein delegasjon frå alle regjeringspartia troppa opp i Selje og kunne fortelje at Stad skipstunnel var fullfinansiert.

Men skjæra i sjøen har vore mange.

Tre år etter lovnadane var det ikkje pengar i budsjettet. Budsjettframlegget fekk lokale politikarar til å skulde «sine eige» for løftebrot.

Men no er pengane inne på statsbudsjettet. Byggestart vert i 2021.

– Tenk om eg får leve til å sjå tunnelen

Heime i Måløy flaggar Magne Sætren for merkedagen.

– Flagget skal til topps i dag ja. Det skal få henge oppe så lenge som mogleg.

Han har lite til overs for politikarar som har lova og utsett prosjektet.

Dei skulle vore med ein tur på Stadhavet. Hadde dei fått oppleve det ein uvêrsdag, så ville dei stått på kne og be om skipstunnel, seier Sætren.

Kamplyst har det aldri skorta på i den gamle skipperen. No kan det sjå ut som kampen er vunne. Draumen til Magne Sætren skal bli ein realitet:

– No blir det tunnel. Tenk om eg får leve til å sjå tunnelen.