Hopp til innhold

– Eg var paranoid og irrasjonell då eg var i Moskva

BERGEN (NRK): Då den mafiatiltalte sunnfjordingen kjende at det byrja å brenne under føtene, la han ut på ei reise få andre ville gjort og hamna rett i armane på politiet.

Kartutsnitt dopingsak RETT

REISERUTA: Mannen frå Sunnfjord brukte nær eit halvt år på reisa frå Thailand, via Laos, Vietnam, Kina til Russland. Der blei han arrestert.

Foto: NRK

Vi er i Bergen tingrett og den største dopingsaka i Noreg nokon gong. Politiet meiner at eit kriminelt nettverk har omsett doping for over 30 millionar kroner.

Men vi må skru tida tilbake til 2016. Mannen frå Sunnfjord har i lengre tid hatt tilhald i Thailand og i nabolandet Laos. Derfrå har han operert som kjøpar og distributør av store mengder anabole steroid og medisinar til den norske, svarte marknaden.

Via nettforum som Hushboard og Roidboard eig han nettbutikkar og så lenge han har tilgang til internett, så går handelen bra. Men så byrjar det å kome urovekkjande meldingar frå heimlandet.

Legg ut på lang reise

Fleire i dopingmiljøet har blitt arrestert, politiet har gjort store beslag av dopingmiddel i Bergen, Høyanger og Hokksund. Nettet er i ferd med å snøre seg saman og sunnfjordingen bestemmer seg.

– Eg får beskjed om at eg er etterlyst i Europa. Eg vil ikkje vere i Thailand. Eg stolar ikkje på thailandsk politi og har kjenningar som sit i thaifengsel. Eg bestemmer meg først for å reise til Laos for å tenke over dette her, fortalde han i Bergen tingrett i dag.

Så gjekk turen vidare til Hanoi i Vietnam, før han får kryssa grensa til Kina og kjem seg til den kinesiske hovudstaden Beijing.

– I august reiste eg til Moskva, der kontaktar eg ein advokat som seier det eg bør melde meg.

Følte seg paranoid

Men det gjer han ikkje. Han tenker no at han kanskje kan forhandle ein avtale med politiet, men han vågar ikkje melde seg. Han er usikker på kva som vil skje.

– Eg var paranoid og irrasjonell då eg var i Moskva.

Det har no gått fleire månader på reisa som starta i Thailand. Han har byrja å gå tom for pengar og han er rådlaus. Forsøka på å skape alliansar med folk han kjenner i dopingmiljøet går ikkje bra.

Det er oktober og turen nærmar seg slutten, men det veit han førebels ikkje sjølv. Frå Moskva reiser han sørvestover og ender opp i byen Brjansk, nær grensa til Kviterussland. Derfrå vil han ta seg over til Litauen. Så langt kjem han ikkje.

Fengselet i Brjansk

FENGSELET: I dette bygget sat sunnfjordingen fengsla i om lag eitt år før han blei utlevert til Noreg.

Foto: prisons.net

Ti månader utan advokat

Han blir arrestert av russisk politi og sett i varetekt i fengsel nummer 2 i Brjansk. Han er lei av å vere på flukt, men forholda i det russiske fengselet er slett ikkje bra.

Først etter ti månader får han advokat. Ein russisk advokat som ikkje snakkar engelsk.

– Det tok ti månader frå eg blei fengsla til eg visste nøyaktig kva eg var sikta for, sa mannen i retten i dag.

Det skulle gå enda fleire månader før han blei utlevert frå Russland til Noreg.

I retten nekta han for at han er ein del av eit organisert nettverk av dopinghandlarar som politiet meiner bør dømmast etter mafiaparagrafen. Rettssaka held fram med utspørjinga av mannen torsdag.

Aktor Trond Høvik ville ikkje gje nokon vidare kommentar til NRK i dag.