Madelen vraka psykologien for oljen – kunne hatt tre gongar så mange medelevar

Mange unge vel framleis oljefag på vidaregåande og oljevenlege Frp vant skulevalget. – Ein påminnar om at dei unge ikkje går i flokk.

Madelen Eide brønnteknikk Laksevåg og Bergen maritime vidaregåande skule

FEKK PLASS: Madelen Eide var ein av over 160 elevar som hadde brønnteknikk i Bergen som førsteval. Ho og 49 andre kom inn.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Eg skulle eigentleg bli psykolog, ler Madelen Eide (18) frå Sotra.

Ho er ein av 50 elevar som har fått plass på VG2 brønnteknikk på Laksevåg og Bergen maritime vidaregåande skule i haust

Fylkeskommunen måtte her auke elevtalet og opprette ein ekstra klasse på oljefag-linja. Over 160 elevar hadde VG2-linja som førsteval. Snittet var høgt.

– Eg har jobba hardt for å kome inn. Dette er eit spennande og riktig val for meg, seier Eide, som kjem frå ein familie der fleire har hatt oljen som sin arbeidskarriere.

VG2 brønnteknikk-klasse. Undervisning Laksevåg og Bergen maritime vidaregåande skule

EKSTRA KLASSE: Vestland fylkeskommune bestemte seg for å auka elevtalet med ein klasse, og litt til, då søkartala til VG2 brønnteknikk var klare.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Trur på mange år i oljen

Stavanger er den andre staden som har brønnteknikk-linja som tilbod på vidaregåande. Her hadde 107 elevar oljefaget som førsteval. Det er rett nok ein god del lågare enn den enorme auken i fjor.

Likevel er det mange unge som framleis vil til olja, trass ei noko uviss arbeidsframtid. Regjeringa trur 50.000 jobbar i industrien kan forsvinna innan 2030.

– Det er nervepirrande, men eg trur det likevel vil vera godt med arbeidsplassar i mange tiår framover, anslår Eide.

Til liks med Nordsjø-arbeidar Adrian Monsen, som NRK skreiv om tidlegare denne veka, ser ho for seg å vera med på avslutninga og oppryddinga av oljealderen i Noreg.

– Det er mange olje- og gassbrønnar som skal pluggast igjen, og så skal plattformer ryddast vekk, poengterer 18-åringen.

Frp fram i skulevalet og på kysten

Mange sperra opp auga då årets skuleval synte kraftig framgang for Framstegspartiet.

I ein valkamp der klimakrisa har fått mykje fokus, har det vore fleire politiske analysar som har spådd at dei unge ville velje grønt denne gongen.

Men i skulevalet gjekk MDG tilbake og Frp fram med 3,5 prosentpoeng til 13,9. Og på den nyaste supermålinga til NRK, stel Frp veljarar frå Høgre langs kysten.

– Grunna klimafokuset og ein del enkeltsaker i media, har vi kanskje vore tilbøyelege til å tenke på dei unge som ei gruppe, som er redde for klimaet og framtida, seier UiB-forskar Yngve Flo.

– Men skulevalet er difor ein påminning om at dei unge ikkje går i flokk og at dei er like differensierte som dei vaksne veljarane.

Partilederdebatt på Deichman Bjørvika

OLJE-MEDVIND: Partileiar Sylvi Listhaug (Frp) kaprar veljarar frå Erna Solberg (H) på meiningsmålingane etter at forslaget til oljeskatt vart lagt fram.

Foto: Javad Parsa / NTB

At klima har blitt ei av dei viktigaste sakene i valkampen, profitterer også Frp på, meiner Flo. Og ikkje overraskande har Frp høg oppslutnad på oljelinjene i Stavanger og Bergen.

45,9 prosent av elevane på skulen til Madelen Eide gav si stemme til Frp i år. På linja i Stavanger har Frp totalt utradert Høgre. Rollene er snudd sidan sist og Frp har fått 64,2 prosent av stemmene blant elevane i Stavanger.

I Stavanger seier elevane at dei har fått med seg Frp sin svært tydelege motstand mot regjeringas forslag til ny oljeskatt.

– Det handlar om framtida mi, sa Svein Smeland til NRK på tysdag.

MDG meiner elevane blir lurt

Miljøpartiet Dei Grøne meiner parti som framleis vil leite etter og hente opp olje- og gass, lurer dei unge som satsar på ei framtid i oljebransjen.

Elevane på petroleumsfag utdannar seg til arbeidsløyse, trur nestleiar Arild Hermstad (MDG). Han viser til dei nær 200.000 som allereie har arbeid i bransjen.

– Risikoen for det er ganske stor. Vi anerkjenner at det trengst mange hender til å avslutte og rydde opp etter oljealderen, men spørsmålet er om vi kanskje allereie har nok folk i oljen til å gjere det.

Fortel elevane om risikoen

Avdelingsleiar Geir Jakobsen ved Laksevåg og Bergen maritime vidaregåande skule er ikkje overraska over at brønnteknikk-linja opplever søkar-auke etter vanskelege år med oljekrise og pandemi.

Han ser at bedriftene i industrien igjen har mange lærlingplassar å tilby og at dei unge ser at det er jobbar å få.

– Men regjeringa seier likevel at 50.000 jobbar kan forsvinne innan 2030. Og det kan også gå raskare ved eit regjeringsskifte. Fortel de elevane det?

– Ja, vi har veldig fokus på det. Det er klart at elevane må vera budd på å omskolere seg, men sannsynlegvis innanfor oljenæringa, svarar Jakobsen.

– Oljen er ikkje den store stygge ulven

– Det er ikkje slik her at «olje er dritbra», seier Madelen Eide om skulen ho går på.

– Vi lærer om konsekvensane for naturen og kva som kan skje i framtida.

– Lærer de om omstilling?

– Vi høyrer i alle fall mykje om det i media og frå politikarar. Eg stemmer for eit grønare skifte, men vi må tenke på alle moglegheiter og ikkje berre at oljen er den store stygge ulven.