Hopp til innhold

Grisa til skule med paintball - må vaske opp griseriet sjølv

Ein ung mann må finne fram både kost og vaskebøtte etter at han vart tatt på fersken då han skaut med paintball på Flatbygdi skule.

Flatbygdi skule i Vik

SKAUT MED PAINTBALL: Ein ung mann i Vik vart pålagt å vaske opp griseriet etter at han skaut med paintball på Flatbygdi skule natt til 18. mai.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Politiet i Sogn og Fjordane har hatt ulike utrykkingar i løpet av natta.

I Vik vart ein mann på 21 år tatt på fersken då han skaut med paintballgevær mot Flatbygdi skule. Politiet påla mannen å vaske opp etter seg.

I Øvre Årdal eskorterte politiet ein 25 år gammal mann heim etter at mannen laga uro på ein utestad litt over klokka 01 i natt.

På Årdalstangen måtte politiet avslutte ein fest i 02.20-tida då naboar klaga på bråk frå bustaden.

To menn vart i natt i 03-tida melde for drikking på offentleg stad. Ein mann var i 40-åra og den andre var ein mann i slutten av tenåra.