Hopp til innhold

Må ty til vikarbyrå for å få endane til å møtast

Rekruttering av sjukepleiarar og andre fagarbeidarar er for mange kommunar så krevjande at vikarbyrå er einaste løysing for å drive forsvarleg.

Sykepleier

KOSTAR MILLIARDAR: Bruk av vikarbyrå i pleie- og omsorgssektoren kostar norske kommunar millionar. Kommunane er avhengige av byråa.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Kostnadane ved bruk av vikarbyrå er ofte mykje høgare enn ved bruk av eigne tilsette.

– Det er bortimot 70 kroner dyrare per time å leige inn vikarar, og så kjem det i tillegg eventuelle kostnader til hus, seier rådmann Bente Nesse i Hyllestad kommune.

– Rekrutteringssituasjonen er i periodar ikkje god, og vi må dekke opp for eit høgt sjukefråvær og ferie og liknande, seier Nesse.

Kostar kommunane dyrt

Dei siste fire åra har norske kommunar brukt over tre milliardar på innleigde vikarar, syner ferske tal frå Norsk Sjukepleiarforbund.

– Bruken av vikarbyrå har vore for stor, seier Oddgeir Lunde, fylkesleiar i sjukepleiarforbundet i Sogn og Fjordane.

I Vågsøy kommune hadde dei ikkje klart seg utan, spesielt ikkje på sommaren, ifølgje tenesteleiar Tone Husevåg.

– Vi må drive forsvarleg, og vi treng sjukepleiarkompetansen.

Tone Husevåg i Vågsøy kommune

HAR IKKJE NOKO VAL: I Vågsøy brukte dei i fjor over tre millionar kroner på vikarar. Dei er avhengige av å bruke vikarbyrå, seier tenesteleiar Tone Husevåg.

Foto: Silje Guddal / NRK

Uroa over utviklinga

I fjor brukte Vågsøy kommune 3,3 millionar på innleigde vikarar til pleie- og omsorgssektoren. Mangel på eigne sjukepleiarar er årsaka. Hos nokre byrå må dei også betale for hybel og bil.

Oddgeir Lunde

FOR HØGE TAL: Det meiner Oddgeir Lunde i Norsk Sjukepleiarforbund.

Foto: Norsk Sjukepleiarforbund

Ifølgje Lunde i sjukepleiarforbundet har bruken av vikarbyrå også eit kostnadsnivå som ikkje kan reknast i kroner. Han peikar mellom anna på språklege utfordringar med nokre av vikarane.

– Ein større grad av utanlandsk arbeidskraft med dårleg språkkunnskap får ganske store konsekvensar for pasientane. Og når ein brukar vikarbyrå så må dei tilsette bruke mykje av si tid til rettleiing. Det er klart det ikkje er gunstig når du i utgangspunktet har for få ressursar.

Underbemanning er alternativet

Ambio Helse er eit av bemanningsbyråa som er brukt av kommunar. 90 prosent av deira vikarar er svenske. Språkvanskar er difor sjeldne, fortel dagleg leiar Kristian Monsen Aune.

– Og om vi hentar frå land utanfor Norden så stiller vi dei same krava som kommunane gjer sjølv. I tillegg stiller vi krav om at vikaren må ha jobba i Norge før, med gode referansar.

Kristian Monsen Aune, Ambia Helse

HINDRAR UNDERBEMANNING: Det seier Kristian Monsen Aune i Ambia Helse om bruk av vikarbyrå.

Foto: Privat

Aune peikar også på at underbemanning eller overtidsbruk ofte er konsekvensen av å ikkje bruke vikarar. At kommunane må betale reise og bustad er viktig for å kunne rekruttere nok folk, seier han.

– Vi må gjere kvar enkelt kommune så attraktiv som mogleg.

Ville helst brukt faste

I Vågsøy er dei nøgde med vikarane, sjølv om det kostar. Men helst ville tenesteleiar Tone Husevåg berre brukt faste sjukepleiarar.

– Kontinuiteten og oppfølginga av brukarane hadde vore betre.

Etter det NRK kjenner til er Stryn, Askvoll, Jølster, Selje, Vik, Hyllestad, Årdal og Vågsøy nokre av kommunane i Sogn og Fjordane som har brukt eller brukar bemanningsbyrå i dag.