Hopp til innhold

Må tvangsselje åtte hus

Ni månader etter at felgfabrikken Fundo Wheels vart slegen konkurs, råkar krisa Høyanger-samfunnet for fullt.

Høyangerhus

ÅTTE HUS PÅ TVANGSSAL: Etterdønningane etter Fundo-konkursen og finanskrisa slår for fullt innover Høyanger. Mange er framleis utan jobb, og no er fleire hus på tvangssal.

Foto: Cosmin Cosma/NRK

Åtte hus i Høyanger er no ute på tvangssal, og fleire tidlegare Fundo-tilsette fryktar at dei vert nøydde til å flytte frå bygda.

Berre ni månader etter Fundo-konkursen slår etterdønningane etter finanskrisa til for fullt i industritettstaden.

Får ikkje jobb

I tillegg til dei åtte husa som no er lagde ut for tvangssal, er det fleire som tidlegare jobba ved Fundo som slit med å få seg jobb i Høyanger eller i rimeleg pendlaravstand frå staden.

- Akkurat no ser det ikkje så lyst ut. Eg får ikkje jobb i det heile teke i Høyanger kommune, seier Gert Inge Augustsson.

Må selje bilen

Han kjøpte seg hus i fjor. Berre nokre månader seinare fekk han beskjeden om at han var utan arbeid.

No må han selje bilen for å kunne halde på huset.

Tore Thorsnes

Nav-direktør Tore Thorsnes oppmodar arbeidslause om å flytte frå Høyanger, dersom dei får arbeid andre stader.

Foto: Cosmin Cosma/NRK

- Det er tøft å det til å gå opp, seier Augustsson.

Les meir: Sel bit for bit av konkursbuet.

Oppmodar om å flytte

Den arbeidslause familiemannen er ikkje åleine om å ha det tøft om dagen. Då Fundo Wheels stengde dørene, forsvann 300 arbeidsplassar. 157 personar er enno heilt utan arbeid å gå til.

No oppmodar Nav arbeidslause om å flytte, dersom ein får seg jobb andre stader.

- Vår haldning er at det er viktig å søkje jobb andre stader for å halde seg i jobbaktivitet, seier Tore Thorsnes i Nav.

Samling i botn

Kjartan Longva

Ordførar Kjartan Longva nektar å gje opp trass den dystre situasjonen.

Foto: Cosmin Cosma/NRK

Høyanger hadde vore råka av fråflytting også dei ti siste åra fram mot konkursen i Fundo Wheels. I perioden forsvann om lag 400 innbyggjarar frå kommunen.

Det er sårt for ordføraren at Nav oppmodar arbeidslause om å flytte.

- Eg burde jo blitt rasande, men eg veit at Nav har sine eigne reglar. Når ein går på dagpengar, og det er jobb andre stader, må dei vel oppmode arbeidslause om å flytte, seier Kjartan Longva.

Men han nektar å gje opp kampen for å snu utviklinga i Høyanger.

- No er det samling i botn. Vi har alt byrja å byggje oss opp att, seier ordføraren.