Hopp til innhold

Må tømme ut 11.000 liter mjølk

11.300 liter mjølk på Veitastrond står i fare for å måtte tømmast ut.

For rett etter at mjølkebilen hadde komme til bygda tysdag, gjekk nytt, stort ras i bygda i Luster.

- Tankbilen frå meieriet hadde akkurat henta mjølka då raset kom. Dermed kom han seg ikkje ut av bygda igjen. Så no står tankbilen med all mjølka att, seier mjølkebonde John Molland.

Det hastar

Molland er ein av 14 bønder som leverer mjølk på Veitastrond.

Mjølka har allereie stått tre dagar på tanken når den blir henta og mjølka må leverast seinast den fjerde dagen viss den skal vere brukandes.

Kan ryke like mykje på laurdag

No er neste hentedag på laurdag. Molland er ikkje sikker på at det går bra.

- Vi veit ikkje kor tid vegen vert opna att. Eg trur at denne mjølka som står i tankbilen må tømmast ut, og då er det lett at like mykje ryk neste gong viss vi ikkje får levere på laurdag.

Men økonomisk taper ikkje bøndene enno på at mjølka ikkje kan brukast.

- Mjølka som er allereie er levert på tankbilen får bøndene iallefall pengar for.  

Trur det tek eit par dagar

Ifølgje vegmeldingssentralen kan det ta eit par dagar før vegen opnar igjen. Det er synfaring i området i dag, og så blir det vurdert når omryddinga kan starte.

Sjå bileta frå rasa

 

Les også: