Hopp til innhold

Prisveksten gjer at studentane må tenke seg nøye om i butikken

Studiestøtta følgjer ikkje prisveksten i samfunnet. – Studentane har aldri hatt dårlegare råd enn no, seier forbrukarøkonom.

Studentane Jeanette Oanæs og Kamilla Tveit merkar godt at stipend og studielån ikkje strekkjer til.

Jeanette Oanes til venstre og Kamilla Tveit til høgre.

Foto: Nikolai Akse Helgås / NRK

I daglegvarebutikken i Førde går sjukepleiarstudentane Jeanette og Kamila inn med høge skuldrer.

Mjølk, ost og kaffi står på handlelista. Varer som har blitt merkbart dyrare den siste tida.

Eg har måtte tenkje meg om to gongar før eg ser på hyllene, seier Jeanette Oanæs.

På eitt år har matprisane auka 10,4 prosent. Auken er 7,6 prosent berre i løpet av juli. Auka straumprisar og ein pressa leigemarknad gjer ikkje situasjonen betre for studentane.

Studiestøtta strekk ikkje til.

Studievenninne Kamilla Tveit har måtte skaffe seg arbeid.

– Eg har to helgestillingar, så eg arbeider meir enn eg er ute med venner. Eg kjenner fleire som har nedprioritert studiet for å jobbe mykje.

Studiestøtta heng etter

Sjølv om studiestøtta auka med kring 2.500 kroner til 128.887 kroner for noverande skuleår, har studentane sakka akterut samanlikna med andre grupper som tek imot statleg støtte.

Det viser ei samanlikning med grunnbeløpet i folketrygda, også kalla G. Dagens studentar har langt mindre å leve for enn dei som studerte for 20 år sidan.

Silje Sandmæl

Forbrukarøkonom i DNB Silje Sandmæl fryktar at prisveksten og ei studiestøtte som heng etter gir studentane eit tøft år. – Studentane må enten bu heime eller ha ein jobb ved sidan av, seier ho.

Foto: Stig B. Fiksdal / DNB

Forbrukarøkonom i DNB, Silje Sandmæl, fryktar eit dystert år for studentane.

– Eg er redd for at studentar aldri vil ha dårlegare råd enn i år, seier Sandmæl.

Dette vil fleire ha ei endring på.

Norsk studentorganisasjon (NSO) ynskjer studiestøtta tilbake til 1,5G. LO vil auke til 2G. Det svarar til 222.954 kroner. Ifølgje Khrono skal vedtaket inn i LOs handlingsplan for 2022–2025.

Les også Vil gi studentene tre ganger mer enn lønnsoppgjøret

Andreas Sjalg Unneland

Vil ha permanent studiestøtte

I 2017 bestemte Stortinget at studiestøtta skulle aukast til 11 månader.

Den gong sat Frp i regjering,

Himanshu Gulati

Stortingsrepresentant Himanshu Gulati (Frp) meiner studiestøtta er den mest effektive og direkte måten å auke studentøkonomien på.

Foto: Bjørn Inge Bergestuen / Bjørn Inge Bergestuen

– Det er trist at regjeringa ikkje har følgd opp med ytterlegare auke, seier Gulati.

Partiet føreslår å setje studiestøtta permanent til 1,5G. I tillegg meiner partiet at det burde kome ei ekstra straumstøtte til studentar.

– Utviklinga har også gått gjennom dykkar vakt i regjering?

Sjølv om kjøpekrafta kanskje har gått ned, så er det gjort nokre riktige tiltak dei siste par åra. Men det er skuffande at regjeringa ikkje har følgd opp den auken.

Oddmund Løkensgard Hoel

Statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel seier særskilt einslege forsørgarar har utfordringar med økonomien. – Regjeringa har sagt at vi skal prioritere studentar med barn.

Foto: HØGSKULEN I SOGN OG FJORDANE

Statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel (Sp) i Kunnskapsdepartementet viser til at alle har tapt kjøpekraft, og at straumstøtta også kjem studentane til gode. Det viktigaste grepet for å betre studentøkonomien er fleire rimelege studentbustader.

Les heile svaret frå Hoel nedst i saka.

– Her skal vi få opp byggetempoet, målet er 3.000 nye bustadar i året. Fleire studentbustader vil også kunne minske presset på den private leigemarknaden for studentar, skriv han.

Norske studentar jobbar mest

Norske studentar er blant dei studentane i Europa som jobbar aller mest ved sidan av studia.

Det kjem fram i undersøkinga Eurostudent frå 2021, også omtalt i Adresseavisen.

Ein ny rapport frå SSB om levekår for studentar viser at over halvparten av heiltidsstudentane arbeider for å dekke naudsynte utgifter til mat og bustad.

Undersøkinga fortel også ein gjennomsnittleg heiltidsstudent på norske høgskular og universitet har ei arbeidsbelastning på 46 timar i veka.

Les også Fulltidsstudenter kan ikke leve av studiestøtten alene: – Det er ekstremt vanskelig

Lena Nag

At deltidsjobbar går på kostnad av studie, frivillig innsats og fritid, uroar NSO.

Som mange andre heiltidsstudentar ser ikkje Kamilla Tveit anna råd enn å jobbe ved sidan av studiane.

– Skulen seier vi helst ikkje skal ha jobb ved sidan av, fordi studiet er så krevjande. Men det går ikkje å leve berre på studielån og stipend, seier Tveit.