Må stå på for å bli ambulanselærling

Trur du det er enkelt å bli lærling i ambulansefaget? Då må du tru omatt.

Ambulanseelevar

HÅPEFULLE: Desse fire jentene i raudt drøymer om å bli lærlingar i ambulansefaget. Frå v. Solgunn Alme, Bente Øygarden, Monica Moen, lærar Oddfrid Solheimsnes og Malin Tanita Kolseth.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

For dei som vil inn i dette faget må springe det dei kan i 12 minutt, ta armhevingar, bere bårer, ta teoretiske testar og vere gjennom eit intervju. Fem jenter på ambulanseutdanninga i Helse Førde håpar å få halde fram som lærlingar i Helse Førde, og då må dei vise kva dei kan.

Og dei har og fått konkurranse frå elevar andre plassar i landet som også håpar å få kome til Førde som læringar.

– Vil utgjere ein skilnad

Solgunn Alme frå Sandane pustar ut etter å ha sprunge 2400 meter på bane.

– Eg har sprunge Cooper-testen der vi skal springe minst 2000 meter på 12 minutt, så har eg teke armheveingar og sit-ups, det er minimum åtte for jenter og ti for gutar.

I tillegg til dei reint fysiske oppgåvene har det og vore fleire oppgåver som er direkte knytte til faget.

– Eg har bore ein pasient på ca. 90 kilo på ein bårestol opp og ned ei trapp, eg har teke hjarte- og lungeredning åleine i ti minutt, flytta pasient frå bårestol til seng og heisa båra opp og ned.

– Kvifor har du så lyst til å bli ambulansearbeidar?

– Det er fordi eg ser veldig opp til dei som utgjer ein skilnad i kvardagen. Eg har lyst til å gjere dagane betre for folk og utgjere ein skilnad i liva til folk som verkeleg treng hjelp. Eg har blitt henta sjølv fleire gonger, og eg har veldig stor respekt for dei som driv med dette.

Gutane manglar

No blir det spennande for Solgunn og dei andre å sjå kven som blir valde ut til å bli lærlingar i Helse Førde. Og dei tre andre som er på plass er alle jenter.

– Det blir færre og færre gutar, vi får håpe at det kjem fleire gutar etter kvart. Vi treng det for miljøet sin del, og dei er ofte litt sterkare og, seier Solgunn.

Monica Moen frå Førde har lyst til å bli ambulanselærling fordi ho ser på det som ein spennande og utfordrande jobb.

– Eg ser på det som ei utfordring, eg har lyst på ein spennande kvardag. Draumen min er å hjelpe menneske. Eg har blitt henta sjølv, og eg har sett korleis ambulansepersonellet respekterer deg sjølv om du er pasient.