Hopp til innhold

Må skjerpe seg før cupfinalekampen mot Tromsø laurdag

Etter ei helg der Førde volleyball både tapte og vann, er assistenttrenaren klar på at laget på ligge i hardtrening og skjerpe seg før cupfinalekampen som står for døra på laurdag.

Assistenttrenar Martin Berntsen seier laget må skjerpe seg før cupfinalen

MÅ SKJERPE SEG: Førdelaget må trene mykje før den komande cupfinalen om dei skal gå av med sigeren, meiner assistenttrenar Martin Berntsen.

– Det er urovekkande med tanke på kampen som kjem komande helg. Det blir mykje å trene på i løpet av ei veke, seier Martin Berntsen, som er assistenttrenar for laget.

Søndag slo herrane Oslo Volley 3 -1, men laurdag gjekk laget på eit seigt tap mot Koll. På heimebane vart Førde knuste 3–0 med settsiffera 20-25, 13–25 og 16–25.

– Ingenting stemte under den kampen. Det var jamt over dårleg i heile rekka. Ingen klarte å ta tak i noko som helst. Det var ein frykteleg dag på jobben, og vi må prøve å finne ut kva som gjekk gale i løpet av veka som kjem, seier Berntsen.

Lars Fredrik Tvinde

MEST VERDIFULL: Lars Fredrik Tvinde blir ein viktig brikke i cupfinalen. Under søndagens kamp mot Oslo volley var han den mest verdifulle spelaren på Førde.

Foto: Rune Fossum / NRK

Har for lite kamptrening

I tillegg til at Førde ikkje spelte opp mot sitt beste, hadde Koll, som for tida ligg på toppen av tabellen, teke med seg eit med eit forholdsvis bra lag, meiner Berntsen. Med seg til Førde hadde dei mellom anna dei to tidlegare Førdespelarane, Geir Eithun og Morten Kvamsdal.

Laurdag ventar Førde sin viktigaste kamp til no i år. Då møter dei Tromsø i cupfinalen, noko dei også gjorde i 2007. Då var det laget frå Førde som gjekk sigrande ut av kampen med 3–1 siger.

– Tromsø har sine styrker og svakheiter, og det må vi trene på denne veke. Vi har kanskje litt mangel på kamptrening no etter jul, så det vil vi prøve å få til før helga, seier trenaren om opplegget dei neste dagane før dei skal i elden.

Har tru på siger

Dei to laga har berre møttest til dyst ein gong tidlegare i sesongen, og då var det Førde som komfortabelt sikra seg poeng, med ein overbevisande 3–0 siger. Berntsen trur det blir ein tøffare kamp denne gongen.

– Då vi møttest var det første kampen denne sesongen, og no veit vi ikkje kva dei står for. Dei har kome seg i speleform, og det blir ein heilt annan kamp no. Cupfinalar er alltid spesielle også, med ekstra nervar, men eg trur vi taklar det betre enn dei.

Førde har vore i fem cupfinalar, og har vunne to av dei, sist i 2011. Tabellen etter denne serieomgangen tyder også på at Førde har eit overtak. Dei ligg på 3. plass, medan Tromsø har fem poeng mindre og ligg på 5. plass, men med to kampar meir spelt.

– Cupfinalen er årets viktigaste kamp for oss, og det er viktig for oss å vinne. Alle spelarane er i slag, sjølv om det er litt smårusk med betennelsar i armar og skuldrer her og der, så trur eg det skal gå greitt. Når det er cupfinalen som står for tur, då gløymer ein det. Det blir heilt anna guff, stemning og atmosfære under den kampen, så alle er toppmotiverte.