Hopp til innhold

Må seks månadar i fengsel for grov vald

Ein mann i 40-åra er dømd for å ha slått til ein mann fleire gonger, slik at han måtte sjukmeldast i tre veker.

Etter eit utdrikkingslag vart festen flytta heim til den fornærma sitt hus. Mannen som no måtte møte på tiltalebenken for vald skal mellom anna ha gått inn på soverommet og skremt eit av borna i huset og tok fornærma si kone på baken. Då mannen, som er busett i Hordaland, fekk beskjed om å gå vart han irritert.

I løpet av kort tid hamna både ytterdøra, den sikta og fornærma ute på tunet, skriv retten i dommen. Korleis dette skjedde og kva som skjedde i forkant av dette er dei involverte usamde om.

Det vitna er samde om er at mannen i 40-åra heldt den fornærma fast med ei hand og slo han minst tre gonger i hovudet med den andre. Den fornærma fekk brot i nasen, bløding i auget og smerter i området kring auget. Som følgje av hendinga vart han 100 % sjukmeld i tre veker, og 50 % sjukmeld i ei veke.

Då politiet seinare på kvelden skulle arrestere mannen truga han polititenestefolka med at «eg håpar de døyr ein smertefull død og eg skal pisse på dokke etterpå». Han skal også ha vore aggressiv overfor dei.

Mannen er tidlegare dømd for vald og skadeverk, og på bakgrunn av dette og det som kom fram under rettssaka vart han i Fjordane tingrett dømd til seks månadar i fengsel. Han må også betale erstatning på 32 000 kroner.