Dei ansvarlege i Sogndal kommune kan umogleg forstå kva oppdrag Vedvik skal ut på, meiner sivilforsvarsinspektør Harald Sundby i hjelpeteamet til Vedvik. - Hadde dei fått full informasjon om oppdraget, ville dei ha sett at dei kunne yte eit svært positivt bidrag i den katastrofen som er så langt borte at dei fleste av oss er makteslause, seier Sundby.

Etter jordskjelvet i Pakistan. Foto AP
- Ikkje kjekk måte å bli ønskt god tur på
Ronny Vedvik synest det er trist at ein ikkje kan drive naudhjelpsarbeid utan å måtte seie opp jobben sin. - Men det var eit val eg gjorde heilt aleine. Når ein har tru på at dei ein gjer verkeleg hjelper, så gjer ein det ein må for å få reise igjen, seier han. Han var ikkje i tvil då han fekk spørsmålet om å dra til Pakistan. Men det at han ikkje fekk permisjon var slett ikkje den kjekkaste måten å bli ønskt godt tur på, seier han.
Torsdag dreg han saman med femti andre nordmenn for å gje eit lite bidrag til dei millionar av menneske som lir under den grenselause nauda som jordskjelvet har skapt i Pakistan. Og han reknar med han får ein ny jobb når han kjem heim att.
- Brukt opp permisjonen sin
Tenesteleiar Arvid Valland i Sogndal kommune seier at Vedvik har ein avtale med kommunane om at han får ta ut seks veker i året til slikt naudhjelparbeid. - Vedvik har tidlegare i år vore seks veker på Sumatra, og har dermed brukt opp dei seks vekene. Han fekk eit anna tilbod av kommunen, det sa han nei til og valde sjølv å seie opp jobben for å reise, seier Valland. Han vil ikkje kommentere saka ut over dette, bortsett frå at han synest det er ei kjedeleg sak.
- Trist og beklageleg
Det er svært sjeldan at arbeidsgjevarar seier nei til permisjon når Norwegian support team reiser ut for å yte naudhjelp ved store naturkatastrofar, og sivilforsvarsinspektør Harald Sundby meiner Sogndal kommune burde ha gitt Vedvik permisjon. - Det er trist og beklageleg at ikkje arbeidsgjevaren og arbeidstakaren kan kome til eit greit forlik i ei slik sak. Den tenesta Ronny Vedvik er ønskt i no - det norske støtteteamet som skal til Pakistan - inneber eitt, maks to oppdrag i året. Og vi reiser ut fordi det verkeleg er bruk for oss, seier Sundby.