Hopp til innhold

Må bruka milliardbeløp på å oppgradera nye tunnelar

Vegvesenet vil bruka milliardbeløp på sikring av tunnelar som nesten er nye. Berre i Hordaland må tunnelane oppgraderast for 1,4 milliardar kroner, om dei skal nå dagens standard.

Bjorøytunnelen

MÅ OPPGRADERAST: Den to kilometer lange Bjorøytunnelen i Hordaland skal rustas opp for 45 millionar dei neste åra.

Foto: ODDGEIR ØYSTESE / NRK

Tunnelane må blant anna få betre ventilasjon og lys, alarmtelefonar og brannsløkkingsapparat.

Vegvesenet i Hordaland vil bruke 1. 4 milliardar på 30 tunnelar, mange med lite trafikk.

– Det er ikkje trafikken det kjem an på, men krava i forskrifta. seier Olav Finne, avdelingsdirektør i Statens vegvesen i Hordaland.

– Tunnelane skal bli tryggare

NRK fortalde i dag om oppgraderinga av Folgefonntunnelen i Hordaland. Det skal brukast over 500 millionar på den 15 år gamle tunnelen, slik at den når dagens standard. Det er meir enn byggeprisen.

– Er ikkje tunnelane trygge i dag?

– Tunnelen er ikkje usikker, den tilfredsstiller det tryggingsnivået som var kravet når den var bygd i 2000. Men poenget no er at det vert stilt mykje strengare krav.

Så ein må oppgradera ein sikker tunnel som er sikker for ein halv milliard?

– Den er sikker, men ikkje så sikker som den vil bli når den er oppgradert.

Berre å oppfylle minstekrava i ei ny forskrift for tunnelane vil kosta over 700 millionar kroner, men Vegvesenet meiner det doble trengst.

Olav Finne

DYRT: Olav Finne i Statens vegvesen seier det trengst mykje pengar for å oppfylla dei nye krava til trygge tunnelar.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Må bruka sunn fornuft

Politikarane håpar å sleppa billigare

– Sunn fornuft er ofte lurt. Så må me sjå kva som er trengst tryggingsmessig, og kva som er andre ønskelege oppgraderingar, ein kanskje kunne greidd seg utan.

– Tryggleik skal ligga føre, men me må også sjå det an etter trafikken, seier Nils T. Bjørke, leiar i samferdsleutvalet i Hordaland fylkeskommune.

I Sogn og Fjordane er det vedteke å bruke 1.4 milliardar på fylkesvegtunnelane.