Hopp til innhold

Mykje utrygg is trass det kalde vêret som har vore

Sjølv om det har vore kaldt lenge, er skøyteisen utrygg i låglandet i Sør-Noreg. Du må nordover eller opp i høgda for å finna betre is å testa skøytene på.

Utrygg is

UTRYGT: Bergen kommune kontrollerer 12 utvalde vatn i området. Ingen av dei er pr. no rekna som farbare.

Foto: Sigurd Hamre / NRK

I isvarselet til Varsom.no melder ekspertane at du i Sør-Noreg må opp i høgda for å finna farbar is. Lenger nord i landet er det litt betre is lenger ned, men det er ikkje berre å hoppa utpå isen uansett.

– På Vestlandet er det stort sett farbar is 700 meter over havet. På Austlandet er det farbart på litt lågare høgde og lengst sør må du endå litt høgare opp, seier Aron Widforss hjå Varsom.no.

Men for dei aller fleste er det vatn som er lågare enn det som er aktuelt å bruka. Då bør du undersøka isen nøye før du bevegar deg utpå.

– Isbor eller isstav, og det bør vera minst 10 centimeter tjukk is, seier Widforss.

Frå Trøndelag og nordover blir det betre og betre is jo lenger nord du kjem.

Vidar Eidissen går på skøyter på isen på Soløyvatnet utenfor Bodø
Foto: Malin Nygård Solberg / NRK

Men berre for å ha det heilt klart: farbar is betyr ikkje at du ukritisk kan gå kor som helst på vatnet. Ved innløp eller utløp, der det er straumar eller i tronge sund kan isen framleis vera tynn, sjølv om resten av vatnet har tjukk is.

– Du bør uansett ha med deg ispiggar og tørre klede, i tilfelle du går gjennom. Og det er lurt å vera fleire i lag og at de har med tau eller kasteline, seier Widforss.

No blir det litt mildare

Etter ei lang periode med ganske kaldt vêr, blir det litt mildare i store delar av landet dei neste dagane. Det vil ikkje påverka smeltinga så mykje, men vassføringa i vatna går opp. Det kan gjera isen meir utrygg der det er inn- og utløp, straumar og tronge sund.

– Då bevegar vatnet seg endå meir under isen, og isen i dei allereie utrygge områda blir endå svakare, seier Widforss.

Nedbøren som kjem dei neste dagane vil i hovudsak svekka isen og gjera det vanskelegare å sjå om den er farbar eller ikkje.

– Det er ofte slik folk går gjennom isen på: nylagd is, men så kjem det snø på toppen. Då er det vanskeleg å sjå om det er trygt eller ikkje, og du bør sjekka isen grundig, seier han.

Sprekkene i isen kan være en god indikator på isens tykkelse

Sprekkane i isen kan vera ein god indikator på kor tjukk isen er.

Foto: Malin Nygård Solberg / NRK

Elles betyr nedbør ekstra vekt oppå isen. Men det som kan vera positivt med regn, er at det kan smelta litt av snøen som ligg som eit isolerande lag på toppen av isen.

– Det er varsla kaldare mot jul, sjølv om varselet så langt fram er usikkert. Om litt av snøen regnar vekk no, så er det lov å håpa på ordentleg isvoksing til jul, seier Widforss.

– Mange spør om isen er trygg

I Bergen er det 12 vatn kommunen kontrollerer for farbar is. Fredag 16. desember var det ingen av dei som dei rekna som farbare.

– Me har ei grense på 15 centimeter jamt over vatnet, for å vera sikre på at det er farbart, seier Trude Jordal, som er leiar for uteseksjonen i Bymiljøetaten i Bergen.

Ho fortel at mange tek kontakt om ikkje dei kan klassifisera vatn som farbart. Men det torer dei ikkje endå.

– Med ein gong me seier at eit vatn er farbart, er det 300 born og vaksne utpå isen. Då må me vera heilt sikre først, seier Jordal.