Hopp til innhold

Må i fengsel for mopedkøyring

Ein mann frå Sogn mistar førarretten i to år og tre månadar og må ta førarkortet på ny, etter å ha køyrt moped i rusa tilstand. Mannen i slutten av 20-åra tilstod då saka var oppe i retten, og må også betale 50 000 kroner i bot. Mannen vart målt til ein promille på 1,85 då han vart stogga på den trimma mopeden.