Må i fengsel etter vald og innbrotsforsøk

Sparka og truga politimenn – no er nordfjordingen dømd for 16. gong.

Det var ein haustdag i fjor at mannen i 30-åra igjen hamna i trøbbel, etter å ha rusa seg saman med ein kamerat.

Same dagen oppdaga ei kvinne at tiltalte var på veg mot huset, ho blei redd og rakk akkurat å låse døra. Mannen skal ha teke i dørhandtaket, men kom seg ikkje inn. Den tiltalte hadde med seg ein verktøykoffert og kvinna såg at han tok ut verktøy.

Ho fekk ringt ein nabo som raskt kom til staden. Han oppfatta nordfjordingen som synleg rusa og bad han fjerne seg. Etter kvart fann han ut at verktøykofferten var stolen frå hans eigen bustad.

Sparka mot hovudet

Politiet blei tilkalla og dei leita etter mannen. Han blei til slutt funnen ved ein skule. Då han nekta å ta hendene ut av bukselomma, greip politimannen armane hans og fekk sett på handjern. På grunn av mannen sin aggressive oppførsel, måtte politiet bruke makt for å ha kontroll på han.

Den tiltalte mannen retta eit kraftig og målretta spark mot hovudet til den eine politimannen, men trefte ikkje. Han skal også ha kome med trugsmål om å sparke hovudet av politimannen.

Nordfjordingen blei deretter sett i arresten. Då han skulle få eit glas vatn, spytta han på politimannen som gav han det.

Hugsa ikkje så mykje

På veg til arresten ein annan stad i fylket, der han skulle bli framstilt for varetektsfengsling, sparka han ein politimann i leggen og truga med å bite nasen av han. Han kom også med trugsmål om å ta livet av ein annan polititenestemann.

Mannen er tidlegare dømd 15 gonger for vinnings- og narkotikakriminalitet.

Nordfjordingen erkjente straffskuld for å ha kniv på offentleg stad og for bruk og oppbevaring av narkotika. Resten nekta han straffskuld for og forklarte i retten at han ikkje hugsa så mykje frå denne dagen.

Men Fjordane tingrett fann det bevisst at han hadde gjort det han var tiltalt for og dømde mannen til sju månader i fengsel.