Hopp til innhold

Må i fengsel etter trappekøyring

Bilføraren køyrde seg fast i burettslagstrappa i Fana. No må han i fengsel og gå utan lappen i to år.

Kjørte utfor trapp

FULL STOPP: Føraren av bilen skal ha forsøkt å få bilen laus frå trappa med pallar og gjekk. Han måtte gje opp då politiet kom til staden.

Foto: Anders Ekanger / NRK

39-åringen blei tiltalt for brot på vegtrafikklova og køyring i rusa tilstand. No må han i fengsel i 30 dagar og betale 40. 000 kroner i bot, skriv Bergensavisen.

Sjåføren må også betale 30.000 kroner i erstatning til forsikringsselskapet for skadane på trappa.

Mannen skal ha vore påverka av både amfetamin, metamfetamin og piller under uhellet.

Forsøkte å jekke laus bilen

Ronny Øvrebotn

BOM FAST: Bilføraren valde å køyre ned trappa utanfor Nesttunvannet terrasse. Det gjekk ikkje så bra.

Foto: Anders Ekanger / NRK

Det var i mai i fjor at politiet fekk melding om den noko uvanlege køyringa i Sanddalsvegen i Fana.

Bebuarar i burettslaget fortalde då til NRK at bilen fyrst køyrde ned tre avsatsar, før han svinga ut av trappa. Då føraren ikkje fann andre vegar ut av knipa, køyrde han tilbake til trappa og heldt fram nedover.

Han var i gang med å få laus bilen frå trappa med pallar og jekk, då politiet kom og han blei arrestert.

Både føraren og passasjeren som var med i bilen, fleipa med å kontakte Eli Hagens advokat. Carl I. Hagens kone fekk mykje merksemd etter å ha køyrt ned trappa på Slottsplassen i 2001.