Hopp til innhold

Må i fengsel etter nasking over lengre tid

Ein naskar har blitt dømt til fengsel i åtte månadar, tre av månadane vilkårsbunden, etter å ha stole frå fleire butikkar i Bergen.

I alt var verdien av naskinga på over 100.000 kroner.

Kvinna i trettiåra har erkjent naskinga. I alt er det snakk om 64 tjuveri, og eitt forsøk på tjuveri, i perioden februar 2022 til mars 2024. Stelinga har gått føre seg frå butikkar i Bergen sentrum.

Kvinna vart også i 2021 dømt til samfunnsstraff for tjuveri.