Hopp til innhold

Må halda avstand på skulen, men på bussen sit dei tett

SOGNDAL (NRK): På skulen er dei inndelte i kohortar og må halda meteren, men på bussen sit elevane tett i tett. – Ein av dei tinga som ikkje heng i hop, seier rektor.

Frida Næss-Olesen

HELDIG I DAG: Frida Næss-Olesen var heldig og fekk eit dobbelsete for seg sjølv heim frå skulen tysdag ettermiddag. Slik er det ikkje alltid.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Kvifor skal det vera ein meter avstand når me er på skulen, men ikkje på bussen? spør Frida Næss-Olesen.

Ho går i sjuande klasse på Kvåle skule i Sogndal, som har elevar frå sjette til tiande trinn.

Som sjuandeklassing går ikkje ho på skule på raudt nivå. Men slik reglane er no, kan også ein «raud» åttandeklassing ta den same bussen til og frå skulen.

– Det er ganske rart, seier ho.

Det same seier rektor ved skulen, Kjetil Sønnesyn.

– Det er ein av dei tinga som ikkje heng i hop, seier han.

Han seier dei «tek skulebuss-trykket med i reknestykket» når dei bestemmer kor mange som skal ha heimeskule og kor mange som skal få vera på skulen.

Skulebussar ved Ingafossen i Sogndal

TRONGT OM PLASSEN: – Kvifor skal det vera ein meter avstand når me er på skulen, men ikkje på bussen? spør Frida Næss-Olsen i sjuande klasse på Kvåle skule i Sogndal.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Ikkje tilrådd å blanda elevar

Rettleiaren frå Utdanningsdirektoratet seier at elevar frå same kohort kan sitte på bussen, og at det gjeld på gult og raudt nivå.

Men på skulen i Sogndal, som er ein blanda barne- og ungdomsskule, går elevar på høvesvis gult og raudt nivå saman.

Dag H. Nestegard i Kunnskapsdepartementet skriv i ein e-post til NRK at det ikkje er tilrådd å blande elevar frå ulike kohortar.

– Sitjeplassar skal prioriterast framfor ståplassar

Det er fylkeskommunen som har ansvar for skuleskyss. Dei viser til at råda om å halde ein meters avstand kan fråvikast dersom reisa varer under ein time.

I smittevernrettleiaren står det at ein skal «unngå å bruke hele kapasiteten i transportmiddelet».

– Sitjeplassar skal prioriterast framfor ståplassar, skriv Ingrid Dreyer, pressekontakt i Skyss, i ein e-post til NRK.

Ho viser til regelverket som seier at elevar kan sitje saman skulder ved skulder på reiser under ein time, men presiserer at elevane «bør unngå kontakt ansikt til ansikt».

Mange kommunar har i tillegg påbod eller anbefalingar for munnbind, men variasjonane er store.

NRK har gjennomgått dei alle. Sjå faktaboksen:

Heimeskule fordi bussen var full

Den vekselvise skjerpinga og oppmjukinga av smitteverntiltaka gjer at «buss-paradoksa» har stått i kø det siste året.

I mai skreiv NRK om Malene som framleis måtte ha heimeskule, sjølv om skulane opna att – fordi skulebussen var full.

Samstundes sto andre bussar i ro – som kunne ha vore brukt til skuleskyss.

Fungerande forbundsleiar i Yrkestrafikkforbundet, Trude Valle, tok til orde for å sette inn ekspress- og turbussar for å kompensere for alle dei tomme seta på skulebussane.

Frederick Nahayo Kwihangana, elevrådsleiar ved Sogndal VGS 20/21

– GIR IKKJE MEINING: Frederick Nahayo Kwihangana, syns det er merkeleg at elevane kan sitta attmed kvarandre.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Hadde vore betre med to bussar

Frederick Nahayo Kwihangana er elevrådsleiar ved Sogndal vidaregåande skule. No har han sendt ei bekymringsmelding til Vestland fylkeskommune.

– Eg håpte på at busselskapa og Fylkeskommunen kunne gjort noko med det, men det me har høyrt er at det er vanskeleg å få til fordi det ikkje er nok sjåførar og bussar. Det er jo forståeleg. Men det hadde vore betre med to bussar, i staden for å køyra ein overfylt buss der me sit trongt, seier han.