Hopp til innhold

Må følge EM på TV-skjermen

For to år sidan vart ho som 18-åring den yngste landslagsspelaren nokon gong, og var med på handballfesten som vart krona EM-gull. I år følgjer ho meisterskapen på TV-skjermen frå Bergen.

Tertnes-spelar Kjerstin Boge Solås på HVL

HANDBALL: Kjerstin Boge Solås skulle gjerne vore med, men må følge handball-EM frå sidelina.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

– Onsdag var det litt tungt, det var ikkje den beste kampen eg har sett, seier Tertnes-spelar Kjerstin Boge Solås.

For då norske laget onsdag møtte Romania enda med eit forsmedeleg tap 23 – 31, for Noreg som vanlegvis er gullfavorittar i dei fleste meisterskapa.

– Ja, i alle fall dei siste 10 åra. I år manglar vi nokre spelarar, men samstundes så tykkjer eg at dei så absolutt var gullfavorittar også i år, seier Solås.

– Du har jo spelt med mange av dei som var på bana onsdag, korleis trur du dei hadde det etter kampen?

– Dei er ganske proffe og ser framover. Det er to kampar igjen som blir viktige, og der må vi ha poeng. Vi må opp nokre hakk i forhold til det vi har levert men det trur eg absolutt er mogleg, seier Solås.

Ute med skade

I slutten av august i fjor rauk den unge handballspelaren korsbandet i det høgre kneet, som sette ho på sidelinja i eit heilt år. Først 28. august i år var ho tilbake på bana igjen med fem minutt speletid i ein cupkamp mot Os.

– No går det fint. For to veker sidan var eg inne og fekk fjerna ei skrue og litt arrvev. Så no har eg ein ny periode der eg er ute frå handballen, men det tar heldigvis ikkje så lang tid, seier Solås.

Målet er sjølvsagt å kome attende på landslaget, men både korsbandskaden og ein annan kneskade har gjort til at det har blitt lite kamptrening. Dermed vart det heller ikkje EM-spel i Frankrike på ho denne gongen.

– Eg har spelt nokre kampar no før jul, men eg har ikkje i vore i toppform, seier Solås.

I staden må handballtalentet frå Dale benke seg framfor TV-skjermen når landslaget tysdag og onsdag møter Nederland og Spania.

Heim til jul

Akkurat no ser Solås fram til juleferien. Den skal ho tilbringe saman med familien, og samstundes nytte høve til å trene mykje.

– Akkurat denne perioden er ganske viktig. Det er lenge til kamp, og eg er i ein opptreningsfase. Det fysiske er veldig viktig for å bli klar til seriestart etter jul, men og for å halde seg skadefri resten av sesongen.

– Du gler det altså til å få trene mykje i jula, andre ser kanskje mest fram til mykje god mat og stillesitting?

– Eg trur det vert godt tid til det også, ler Solås.