Hopp til innhold

Snømangelen knekkjer NM i alpint - må flytte arrangementet ut av fylket

På grunn av snømangelen har Jølster Alpin bestemt at junior-NM blir flytta frå Jølster skisenter til Voss.

Jølster skisenter med snømangel

LITE SNØ: Slik ser det ut i Jølster skisenter måndag. No må NM-arrangøren flytte renna til Voss.

Foto: webkamera

– Bakgrunnen for dette er dei forverra snøtilhøva den siste veka. Vi fekk regnvêr for ei veke sidan og det kombinert med mildvêr, gjer til at vi ikkje får til gode nok forhold til å arrangere eit junior-NM og to FIS-renn, seier rennleiar Atle Hamar i Jølster Alpin til NRK.no.

Jølster skulle arrangere FIS-renn i slalåm og junior-NM 1 i storslalåm helga 15. – 16. mars. Klubben har arrangert FIS-renn dei siste fire åra under gode forhold. Hamar seier det er tragisk at dei ikkje får det til i år.

– Det er mange som har stått på for å prøve arrangere NM og FIS-renna, seier han.

No blir alle arrangementa flytta til Voss og ein del funksjonærar frå Jølster blir med dit.

– No får vi avvikla renna saman med vossingane, så vestlandsrunden i FIS-cupen blir avvikla med dei planlagde renna.

– Går de no glipp av store inntekter når desse renna blir flytta?

– Deltakartalet på eit junior-NM kan vere om lag 150 personar. Isolert sett for klubben er det ikkje ei økonomisk stor utteljing. Avlysinga betyr nok meir for dei overnattingsstadene som har fått booka ei rekkje overnattingar, det er jo snakk om tre døgn.

Det er ikkje berre i Jølster dei må avlyse renn. I helga skulle Hovudlandsrennet i langrenn, kombinert og hopp blitt arrangert i Markane i Stryn. Men på grunn av snømangel, blei arrangementet med 800 deltakarar flytta til ein annan stad.