Hopp til innhold

Må få kartlagt kvikksølvomfanget

Folk i Høyanger er uroa for helsa si. Førre veke vart det kjent at Eras Metall kan ha sleppt ut 50 gonger meir kvikksølv enn dei har hatt løyve til.

Eras Metall i Høyanger.
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Det betyr i praksis full stopp i aktiviteten ved verksemda til dei kan reinse utsleppa. SFT vurderer å melde utsleppet til politiet.

Drøfta på møte

I dag vart den alvorlege situasjonen i Høyanger drøfta på eit møte med Folkehelseinstituttet, SFT og Helsedirektoratet. Per Schwarze, som er Avdelingsdirektør i Folkehelseinstituttet, seier det no er viktig å få kartlagt kor alvorlege utsleppa har vore.

- Vi må få meir informasjon om kor høge nivå befolkninga kan ha blitt utsett for.

- Det ein veit er kva som kjem ut av pipa, og så må vi få ekspertar til å sjå på korleis det fordeler seg i terrenget som eit årsmiddel.
Ikkje over WHO sine verdiar

Veit meir om ei veke

Schwarze reknar med at dei veit meir i løpet av ei vekes tid, når Norsk institutt for luftforsking har fått gjort berekningar.

- Eg trur ikkje dei konsentrasjonane ein får i Høyanger blir så høye som Verdas Helseorganisasjon sine retningsliner. Men det er derfor vi må undersøke dette nøye for å bli sikre på dette.

Går i næringskjeda

SFT har ei konsesjonsgrense for å minske mengda kvikksølv ut i miljøet. Det som skjer der er at det vert omdanna til såkalla organisk kvikksølv som inngår i næringskjeda, og hamner i maten.

Bedrifta vil arrangere folkemøte

Christian Landaas, som er styreleiar i Eras Metall seier seg lei for det som har skjedd. Han vil neste veke arrangere eit folkemøte der bedrifta, Statens Forureiningstilsyn, Folkehelseinstituttet og kommunelegen skal delta. Der vil han informere innbyggarane om faren med kvikksølv og kva bedrifta gjer for å få ned utsleppet.

- Vi har bestilt eit kvikksølvfilter som vi håpar å få på plass i løpet av ein månads tid.

- Dessutan har vi gjort målingar på våre tilsette, og dei viser kvikksølvnivå på normalt nivå, slik at våre tilsette har ikkje blitt påverka av utsleppa. Men no må det gjerast undersøkingar som viser om andre kan ha blitt påverka av det.

Ikkje første utsleppet

Det er ikkje første gang at Eras Metall er teken for ulovlege utlsepp. 2007 vart Eras meld for sink-utslepp i februar, medan SFT seinare på året melde dei til politiet etter eit alvorleg utslepp i 2006. Utsleppet inneheldt store blymengder . Verksemda vedtok i januar i år ei bot på 300.000 kroner for dette utsleppet.