Det er ikkje berre Bergen som slit med tørken. Stord har allereie måtta ta i bruk eit reservevatn. Frå neste veke må dei også gå laus på krisevasskjelda Ravatnet.
Les òg:
Les òg:
Fyrste gong ein tyr til krisevatnet
Det er fyrste gong at Stord må ta i bruk krisevatnverket på grunn av tørken.
- Me har ikkje brukt Ravatnet tidlegare i samband med tørkeperiodar. Dette er fyrste gong me må ty til det tiltaket, seier dagleg leiar i Stord Vatn og avlaup, Sivert Haaland.
Vil du kalle det ei vatnkrise?
- Nei, eg vil ikkje kalle det ei vatnkrise per i dag, men det kan snart bli det viss me får ein veldig tørr vår òg.
Vassar i vatn i Fitjar
I nabokommunen Fitjar er situasjonen ein heilt annan. Fitjarbuen kan bruke vatn med godt samvit.
- Drikkevasskjelda er upåverka av tørken, seier avdelingsingeniør Tore Nesbø i kommunen.
Oppmodar til solidaritet i Stord
- Eg oppmodar veldig om å vere solidariske og tenkje på at me skal dele på vatnet så lenge som mogleg. Dette er noko som berører alle, seier Haaland.