Hopp til innhold

Har ikkje plass til pasientar sjølv - kjøper plass hos nabokommune

Fjaler kommune klarer framleis ikkje å ta i mot utskrivingsklare pasientar. For å unngå høge gebyr frå Helse Førde har dei no valt å kjøpe sjukeheimsplassar hos nabokommunen.

Arve Helle

FORSTÅR DET IKKJE: Ordførar Arve Helle i Fjaler har inga god forklaring på kvifor hans kommune skil seg dårleg ut med mange liggedøgn.

Foto: Rune Fossum / NRK

Sidan nyttår har kommunane fått større ansvar for å ta i mot utskrivingsklare pasientar frå sjukehusa. Klarar dei ikkje følgje opp, må dei betale for seg. For Fjaler kommune har dette blitt dyrt.

Berre dei to første månadene av 2012 måtte kommunen punge ut over 600.000 kroner. Framleis klarer dei ikkje å gje pasientane eit tilbod i eigen kommune og prislappen har no bikka millionen.

Ordførar Arve Helle seier dei prøvar å finne løysingar for at pasientane ikkje skal bli liggjande på sjukehus.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Fjaler kommune sparer store summar på å kjøpe sjukeheimsplassar hos nabokommunen. 
Det er langt rimlegare for kommunen enn å ha ferdigbehandla pasientar liggande på sjukehus.

SJÅ TV-SAK: Fjaler kommune sparer store summar på å kjøpe sjukeheimsplassar hos nabokommunen.

– Vi har mellom anna gjort grep og bygd fem nye rom, men det har ikkje vore nok til å ta unna.

– Difor har vi funne ut at ein grei måte å gjere dette på er at vi i ein periode kjøper plassar hos Gaular, seier Fjaler-ordføraren til NRK.no.

Har betalt over ein million til no

Det er ikkje lenger greitt at utskrivingsklare pasientar blir liggande på sjukehusa. Prislappen kommunane må betale etter at samhandlingsreforma vart innført i januar i år, er 4.000 kroner per liggjedøgn.

Allereie den første månaden måtte Fjaler kommune punge ut 384.000 kroner til Helse Førde fordi sjukeheimane stod fulle. Ordføraren lova då bot og betring, men heller ikkje tala for februar var spesielt oppløftande. Først låg det an til at Fjaler måtte betale 460.000 kroner i gebyr, men dette har seinare gått ned til vel 230.000 kroner.

Når vi no er i september har Fjaler kommune til saman brukt over ein million kroner fordi dei ikkje sjølve kan tilby pasientane eit tilbod. Dette er både gebyr til Helse Førde og betaling til nabokommunen for kjøp av tenester.

(Artikkelen held fram under biletet)

Statistikk over liggedøgn i Helse Førde dei første åtte månadane i 2012

DEI FLESTE KLARAR DET: Slik ser statistikken for talet på liggedøgn for dei forskjellige kommunane.

Vil ikkje overdramatisere situasjonen

Helle meiner kjøp av tenester av nabokommunen sikrar eit godt tilbod.

– Det er mindre reiseavstand frå Dale sentrum og inn til Sande, enn det er frå ytre delar av kommunen vår og inn til Dale. Så eg synst ikkje ein skal overdramatisere dette for mykje, seier ordføraren.

Nedgang i dei andre kommunane

Vidar Roseth

NEDGANG;: Vidar Roseth seier talet på liggedøgn i dei andre kommunane i fylket har gått kraftig ned i det siste.

I dei andre kommunane i fylket har talet på liggedøgn har gått drastisk ned sidan betalinga blei innført.

Samhandlingssjef i Helse Førde, Vidar Roseth, seier at få gjer som Fjaler.

– Det skjer førebels i liten grad. Vi veit at nokon kommunar gjer det, men stort sett greier kommunane å dekke behovet innanfor eigne grenser, seier Roseth til NRK.no.

Forstår ikkje kvifor

Kvifor Fjaler skil seg så negativt ut har ikkje ordføraren noko godt svar på.

– Det er jo ingenting i statistikken på alderssamansetnad og tal på eldre som tyder på at vi er noko meir utsett enn andre.

– Så eg har ærleg tal litt problem med å finne ei god forklaring på kvifor dette har ramma oss på denne måten, seier Helle til NRK.no.