Hopp til innhold

Må betale 55 millionar i erstatning

Dei to tidlegare Vest Tank-sjefane Trond Emblem og Jostein Berland er saman dømde til å betale 55 millionar kroner til Alexela Sløvåg etter eksplosjonen i mai 2007.

Vest Tank

EKSPLODERTE: Ein av tankane ved Vest Tank AS sitt anlegg i Sløvåg eksploderte i mai 2007.

Foto: Kåre Næss

Dei to må også betale sakskostnader på nær 1,9 millionar kroner, går det fram i ein dom frå Nordhordland tingrett.

Trond Emblem var styreleiar og eineaksjonær i selskapa Emblem Holding og Emblem Eiendom AS. Det var desse selskapa som eigde aksjane i Vest Tank AS. Emblem var også styreleiar i Vest Tank. Jostein Berland var tilsett som dagleg leiar og utnemnt til styremedlem i Vest Tank frå 2004.

Den 23. mai 2007 blei det underteikna ein avtale som innebar at alle aksjane i Vest Tank skulle bli overdregne til eit nystifta selskap for 73 millionar kroner, der Alexela Logistic eigde 53 prosent og Trafigura 47 prosent.

Dagen etter eksploderte fleire tankar ved anlegget i Sløvåg. Eksplosjonen resulterte i ein svær brann der store mengder røyk og gass vart spreidd i området. Det blei store materielle skader og drifta blei skadelidande.

Alexela fekk store utgifter til opprydding reinsing av grunne. Alexela gjekk difor til sak og kravde 67 millionar krone for å få dekka utgiftene sine.

Nordhordland tingrett legg til grunn at handlingane til Berland og Emblem har påført Alexela eit tap i form av kostnader til tømming og reinsing av tankane. No har altså tingretten gitt Alexela medhald i at dei får dekka 55 millionar kroner av utgiftene.

I åra etter eksplosjonen har saka vore gjennom mange rundar i rettsapparatet.