Hopp til innhold

Styggevêret set ein stoppar for motbakkeløp

For første gong sidan motbakkeløpet såg dagens lys i 2005 må arrangørane av Eggenipa opp i Gloppen krype til korset. - Det er med tungt hjarte vi må avlyse.

På toppen av Eggenipa i Gloppen

SLIK BLIR DET IKKJE I ÅR: Olaf Egge i hovudkomiteen for Eggenipa Opp seier dei har vore uvanleg heldige med vêret nesten alle åra tidlegare. I år var dei derimot svært uheldige. Biletet er frå løpet i 2014.

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

Det seier Olaf Egge i hovudkomiteen for Eggenipa Opp.

Dei aller fleste har nok lagt merke til Eggenipa, der den ligg med sin karakteristiske utsjånad ved inngangen til Våtedalen i Gloppen.

Elleve gonger før har fjellet lokka løparar frå heile landet til å springe om kapp opp den tidvis svært så bratte fjellsida.

Regnvêret får skulda

Men sommaren 2016 blir det ikkje noko av. Mange har for lengst fått med seg at sommaren har vore våt, og det er nettopp det våte element som no set ein stoppar for arrangørane.

– Vi har hatt uvanleg store nedbørsmengder det siste døgnet. Løypa er ganske bratt, det er steinete og litt jord her og der i bratta, forklarar Egge.

Etter regnskyllet i går sende arrangørane i dag tidleg opp to mann i løypa. Tilbakemeldingane var nedslåande.

– Dei melder tilbake at det er sleipt, så då har vi bestemt oss for å avlyse, seier Egge.

– Tryggleiken må gå føre alt

Han beklagar at det må bli slik, men understrekar at tryggleiken til løparane må kome først.

– Vi tek ikkje sjansen på å sleppe folk opp i ein konkurranse slik det er no.

September bankar på døra allereie i neste veke, og Egge trur ikkje det blir aktuelt å flytte løpet til ei helg seinare.

– Det er alltid litt meir utsett for regn ut på hausten, så når det blir avlyst no, så blir det ikkje noko løp i år, konstaterer han.

Tidlegare i sommar vart også motbakkeløpet Skåla Opp i Stryn endra på grunn av lite samarbeidsvillige vêrgudar. Snø på toppen av Skåla gjorde då til at løpet berre gjekk halvvegs til toppen.