Dragesæt har fleire gongar poengtert manglar ved brannsikringa overfor vegvesenet. Men Statens Vegvesen i Sogn og Fjordane har ikkje økonomiske rammer til å betre tryggleiken i tunnelane. Det seier seksjonsleiar i trafikkavdelinga, Johannes Reinen.
Varabrannsjef Jarle Dragesæt i Stryn vurderer å krevje lysregulering av all tungtrafikk gjennom tunnelane på Strynefjellsvegen. Dette kan forhindre ulukker og dermed brann med dramatisk utfall, seier Dragesæt.
Ein brann i ein av tunnelane er skrekkscenario nummer ein.
Dragesæt har fleire gonger poengtert manglar ved brannsikringa i dei tre tunnelane, og er kritisk til vegvesenet som ikkje gir respons.