Først vart det hengt opp eit lysande hjarte på Scandic Hotell Sunnfjord i Førde. No har både politihuset, tingretten og eit psykiatribygg under oppføring fått kvar sine hjarte.
– Det var eigentleg for å spreie litt glede. Det har blitt ein trasig kvardag for mange, så tanken var å lage god stemning, seier initiativtakar Hans Martin Holsen.
INITIATIV: Hans Martin Holsen står bak det første lyshjartet. Det heng på Scandic Hotell Sunnfjord, som er under renovering.
Foto: Seline LarsenHan er byggeplass-leiar hos firmaet Åsen & Øvrelid i Førde. Ideen kom då han hadde lys til overs etter eit byggeprosjekt.
– Eg fann ut at eg kunne lage noko utav det, og lufta tanken med hotellet. Dei syntest det var ein god ide, så då var det berre å lage eit hjarte, seier han.
Sidan har responsen vore overveldande.
– Tilbakemeldingane har vore veldig gode. Det er veldig artig, seier han.
Har du bilde av lyspunkt i ei mørk tid? Del dei med oss på e-post til vestland@nrk.no.
LYSER OPP: Dette er eitt av hjarta ein ser dersom ein køyrer langs E39 i Førde.
Foto: Eirik Johnsen– Eit snev av optimisme
Psykolog Rune Mentzoni rosar initiativet, og trur dette kan vere oppløftande.
– Eg trur at for nokon kan slike ting vere ganske viktig, fordi symbolet viser at ein er saman om ting. I tillegg er det eit teikn som er fint og positivt, seier han.
Mentzoni understrekar at hjarta også er særleg viktige no.
– Det er noko med tida vi er inne i som gjer at det er ekstra sterkt. Ein tenker på sosialt fellesskap, fordi nokon har laga dette for deg. Kombinasjonen gjer at det faktisk har ein effekt for mange, seier han.
Mentzoni legg til at han sjølv hadde blitt glad for å bli møtt av eit lysande hjarte.
– Eg likar sånne ting veldig godt sjølv. Det gir eit lite løft – og eit snev av optimisme i ei tid kor ting har vore vanskeleg, seier han.
FELLESSKAP: Psykolog Rune Mentzoni rosar initiativet, og seier at han sjølv hadde blitt glad for å bli møtt av eit lysande hjarte.
Foto: Ole Jørgen KolstadbråtenPrydar husveggen
Initiativtakar Holsen oppmoda fleire i Vestland til å hekte seg på. No har også privatpersonar blitt inspirerte av den lysande ideen.
– Eg vart inspirert av hjarta, og fann ut at når desse store byggefirma kan ha slike hjarte, så kan vel eg også ha eit slikt heime, seier Tore Farsund.
No prydar eit stort, lysande hjarte framsida av huset hans i Førde.
– Sjølv om hjartet kanskje ikkje har den finaste forma, er det likevel ganske fint når det er mørkt, seier han.
Det er ikkje første gong han pyntar huset med lys. Men denne gongen meiner han det ikkje berre er fint – men òg viktig.
– Dersom dette kan vere med å lette tankane i ei tid der vi står saman og ventar på å bli kvitt pandemien, så er det veldig positivt, seier han.
TREND: Eg vart inspirert av hjarta, og fann ut at når store byggefirma kan ha slike hjarte, så kan vel eg også ha eit slikt heime, seier Tore Farsund.
Foto: Eirik Johnsen– Håpar folk ser dette og smiler
Lyshjarta har også spreidd seg til Jølster.
– Vi såg at Åsen & Øvrelid hadde dratt i gong dette i Førde, og oppmoda andre om å gjere det same. Vi er ikkje ein byggeplass, men synest dette var ein veldig fin ting å gjere, seier Jarle Mundal som er dagleg leiar på Jølster Skisenter.
Mundal håpar dette kan glede andre framover.
– Ein må jo følgje trendane. Eg håpar folk som ser dette smiler og synest det er kjekt å sjå, seier han.
Tilbake i Førde er det tydeleg av folk set stor pris på lysande hjarter i bybildet.
– Eg har sett fleire av hjarta, og synest det er veldig hyggeleg. Det er alltid koselege med litt ekstra pynt før jul, seier Siv Landro.
– Det er veldig fint, synest eg. No som det er mørkt og trist ute er dette slike ting som kan hjelpe på – ein blir glad av å sjå det, seier Gjertine Sanne-Gundersen.