Lyser opp tomme hotellrom til eit hjarte

Mørklagde og tomme rom blir brukt til å tenne håp og spreie kjærleik frå eit reiseliv i krise.

Kviknes Hotel

KVIKNES HOTEL: Hotelldirektøren skrudde på lyset før han gjekk heim fredag kveld.

Foto: PRIVAT

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Den vesle turistbygda Balestrand i Sogn lyste brått opp fredag kveld.

Balestrendingane er vande med å sjå lys i romma til Kviknes Hotel, men dei siste vekene har det vore mørkt og tomt. Det ville hotelldirektøren gjere noko med.

– Før eg gjekk frå jobb skrudde eg på lyset i nokre rom for å lage eit hjarte, seier Sigurd Kvikne.

Sogn Avis omtalte saka først. Det måtte både planlegging og ei skisse til for at hjartet skulle lyse opp ved Sognefjorden.

– Det gjekk overraskande bra. Bygget vårt er perfekt til å lage eit mønster med, seier Kvikne.

Balejazz

VILLE LYSE OPP: Hotelldirektør ved Kviknes Hotel, Sigurd Kvikne, ber folk om å vise omtanke for kvarandre i ei vanskeleg tid.

Foto: Lars Jonas Pedersen (lars@gang.n

– Vi kan ikkje miste motet

Hotellet har overlevd både krig og bygdebrannar. No er familiebedrifta som alle andre i næringa råka av koronaviruset.

I dei mest hektiske periodane gjennom året er det opp mot 90 tilsette og fulle rom på det tradisjonsrike hotellet. No er det stille.

– Vi kan ikkje miste motet. Vi må ha omtanke for kvarandre og tenke positivt. Ein dag skal vi kome ut av dette og vere klare til å trå til igjen, seier Kvikne.

Kviknes Hotel

TURISTBYGD: Balestrand er ein ynda stad for turistar.

Foto: Madis Sarglepp

Hjarte i hovudstaden og på bygda

Det er ikkje berre i Sogn det vert spreidd kjærleik. Litt tidlegare i veka kunne innbyggjarane i Oslo sentrum sjå eit hjarte lyse opp på hotellet Oslo Plaza.

– Det er eit bodskap om kjærleik og at vi alle må ta vare på kvarandre i desse vanskelege tidene, sa administrerande direktør Tarje Hellebust til NTB.

Plaza Hotel

HJARTE: Oslo Plaza (Radisson Blu Plaza Hotell) lyste opp til eit hjarte.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Tilbake i Balestrand har hotelldirektør Sigurd Kvikne fått enorm respons på hjartet. No lovar han at hotellet skal lyse opp kveldane i bygda dei neste dagane.

– Vi skal la hjartet lyse gjennom helga, så får vi heller sjå kva vi gjer på måndag, seier han.

Status Norge

Sist oppdatert: 26.05.2020
8364
Smittet
37
Innlagt
235
Døde