Hopp til innhold

Lysande nattskyer over Voss

Amatørfotograf satt oppe og fekk desse vakre bileta av fenomenet i natt.

Lysande nattskyer over Voss

Dette vakre synet kunne observerast på Voss natt til måndag 1. august.

Foto: Terje Nesthus

Hobbyfotograf Terje Nesthus oppdaga seint i går aktivitet på den geomagnetiske målaren han har på nettsida si. Han tok då med seg fotoutstyret sitt ut og fekk tatt nokre fantastiske bilete på Voss.

Han satt ute frå halv eitt til halv tre i natt og filma himmelen og skyene over Voss.

– Eg skulle eigentleg sjå om det var nordlys. Det var meldt på spaceweather.com at det kunne bli det, forklarer Nesthus.

– Eg såg ingen nordlysaktivitet, men då eg kom ut såg eg dei fantastiske skyene og nattlys med skyene er relativt sjeldan i seg sjølv, seier hobbyfotografen.

Sjå Terje Nesthus sin video av fenomenet:

Sjå Terje Nesthus sin video av fenomenet. Kjelde: You Tube

Ispartiklar på støv

Statsmeteorolog Kristian Gislefoss ved Meteorologisk institutt har fått fleire telefonar om det spesielle lyset.

– Dette er blitt observert fleire stadar i landet dei siste dagane. Folk trudde det var nordlys, men det stemmer då ikkje, seier Gislefoss.

–Det er skyer som ligg veldig høgt, dei har ca. 80 km. høgde og ligg i nærleiken av mesopausen. Det er veldig kaldt så høgt oppe og det blir lett danna ispartiklar på støv, forklarer statsmetorologen.

Vulkanutbrot kan vera kjelda

Skyene kan sjåast i Sør-Noreg frå siste halvdel av juli, og ein må sjå nordover for å sjå dei.

– Me kallar det berre lysande nattskyer. Dei skyene som lyser ligg langt høgare enn mange andre skyer, seier Gislefoss.

Han opplyser at det ikkje finst noko forklaring på kvifor skyene ikkje er så høgt oppe kvar dag.

Den første kjente observasjonen av dette fenomenet blei gjort i 1885. Sidan støvet kjem så høgt opp er det ofte vulkanutbrot som er kjelda til det.

Har observert det også i Bergen

Terje Nesthus

Foto og naturfenomen er Terje Nesthus sine hobbyar.

Foto: Privat

Hobbyfotograf Terje Nesthus brukte eit Canon 40d speglreflekskamera med lysfølsamt objekt til å filma skyene.

– Eg er interessert i både foto og naturfenomen. Det kjekkaste eg veit er å ta bilete av naturfenomen. Eg har alltid kameraet lada og klart og spring ut for å ta bilete når eg ser noko interessant på himmelen, seier Nesthus.

Og det er ikkje første gongen han har observert dette fenomenet.

– Eg har sett det før, men det er sjeldant. Sist eg såg det var i Bergen for nokre år sidan, men det er vanlegvis å sjå på den tida folk søv, seier Nesthus.