Hopp til innhold

Mange kjem til han med skadar etter torevêret – folk bør bli flinkare til å førebyggje

Torevêret denne veka har gjort skader hos mange husstandar. I butikken Magne Aase i Førde har fleire kundar teke kontakt etter at diverse elektroniske artiklar har blitt øydelagde.

Steinar Aase

LYNET ØYDELA: Fleire kundar har kome til Steinar Aase i Magne Aase As i Førde med skadar på utstyr etter uvêret denne veka.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Vi har fått inn 10–15 ulike tilbakemeldingar på skadar etter torevêret. Det er knytt primært til data og teleprodukt og litt og på kvitevaresida, fortel dagleg leiar ved Euronics, Magne Aase i Førde, Steinar Aase.

Hovudsakleg er det defekte modem og hustelefonar folk har kome med til elektronikkbutikken.

– Dette viser kor utsett data, tele og kvitevare med elektronikk er i samband med torevêr, seier Aase.

Bør vi trekke ut alt vi har når vi høyrer at det er meldt slikt vêr?

– Nei, det går ikkje an. Det er kanskje å strekke strikken litt langt. Men ein bør prøve å førebyggje.

Ta ut kontakten

Sommaren er enda ung og meir torevêr kan kome. Då kan det likevel vere lurt å i alle fall ta ut nokre av stikkontaktane dine om du veit uvêret kjem.

– Det er ei rimeleg forsikring å gjere det, men uansett ver føre var og ha gode sikringssystem på hovudinntaket ditt, er oppmodinga til Aase.

Aase meiner ein må prøve å ha gode sikringssystem med overspenningsvern, ikkje berre på hovudinntaket, men òg på data og teleprodukt. Også på antenneinngangar. Ein bør sikre modem og datamaskinene, ikkje berre i eitt rom, men i dei fleste rom der ein har slikt utstyr, fortel han.

I ein vanleg heim i dag, kan det fort bety at ein bør sikre mange rom for å vere trygge på at ikkje elektronisk utstyr skal bli skada når det lynar og torar ute.

– Det er eit omfattande arbeid. Dei fleste har gjerne TV ikkje berre ein, men kanskje to og tre.

Dei fleste som kjem inn i butikken til Aase er ikkje så overraska over at det har skjedd.

– Dei vil ha løyst problema sine. Altså dei vil ha ny hustelefon, eit nytt modem, nokre må kanskje berre byte ein sikring, andre må få reparert koketoppen sin. Så det er mogleg å få fiksa det som er øydelagt, du treng ikkje alltid kjøpe nytt, seier Aase.

Ta forholdsreglar

Odd A. Rød, fagsjef brann i Gjensidige

MYKJE SKADE: Mange har meldt inn skader etter uvêret, seier fagdirektør Odd Rød i Gjensidige forsikring.

Foto: Gjensidige

Også forsikringsselskapa har fått meldt inn mange skader etter lyn- og torevêret.

– Folk bør bli flinkare til å ta forholdsreglar for å unngå skader på bygg og utstyr i samband med lyn- og torevêr. Det seier fagdirektør Odd Rød i Gjensidige forsikring.

Svært mange har meldt inn skader etter uvêret i Sogn og Fjordane på måndag, og Gjensidige Forsikring ventar endå fleire skademeldingar.

Installer overspenningsvern

Også Rød meiner det enklaste folk kan gjere når torevêret nærmar seg, er å ta ut stikkontakten til utstyr som kan bli øydelagt.

– Pass på å ikkje ta ut kontakt til kjøleskap og frysar og den slags, men alt du ikkje treng i bustaden akkurat når det torar ute, bør du ta ut. Men det som kanskje er like viktig er at du får installert overspenningsvern seier han.

Overspenningsvern er ein automatisk sak som automatisk svitsjar over overspenningane til jord slik at dei ikkje går inn i installasjonen. Dette kan du få montert i sikringsskapet av ein vanleg installatør.

I tillegg bør ein ha eit såkalla pluggvern som ein set inn i stikkontakten framføre PC eller TV, forklarar han.

Forsikringsselskapet har førebels ikkje konkrete tal på kor mange saker dei har til behandling. Dei dekker slike skadar, men det er også ein eigendel som kan kome på 3000–4000 kroner. Så om ein vil unngå det er det betre å bruke pengane på å sikre seg mot skadar, meiner Rød.