Hopp til innhold

Hovland slaktar sine eigne

Etter bunnsolide 5-0 heime mot Tromsdalen laurdag, møtte Sogndal hardt og brutalt kvardagen att, borte mot Lyn.

Even Hovland

SJØLVSLAKT: Even Hovland har lite positivt å seie om innsatsen til sitt eige lag etter kveldens bortetap.

Foto: Rune Fossum / NRK

Daniel Chima

TO-MÅLSSCORAR: Daniel Chima vart matchvinnar for Lyn med sine 2-1 og 3-1-scoringar.

Foto: NRK
Ole Jørgen Halvorsen

LITE Å JUBLE FOR: Ole Jørgen Halvorsen (t.v.) utlikna på straffe for Sogndal i første omgang på Bislett, men det hjalp så lite.

Foto: Rune Fossum / NRK
Ørjan Hopen

FEKK SJANSEN: Ørjan Hopen spelte frå start når Harald Aabrekk benka Barry Kader mot Lyn.

Foto: Rune Fossum

– Det er forferdeleg. Vi er rett og slett «rævva» og presterer langt under det vi skal gjere. Måten Lyn spelar på, er ikkje det vi er best på, sa ein skuffa Even Hovland til NRK Sport etter at sogndølene gjekk av bana med 1-3-tap borte mot Lyn.

LIVE-REFERAT: Vi følgte kampen minutt for minutt

– Langt frå bra nok

Sogndal-stopparen, som i vinter var på prøvespel hos Manchester United, var dønn ærleg over eigne prestasjonar.

– Vi taper for Lyn som er eit betre lag. Langt frå bra nok, konkluderer Hovland som spelte heile kampen for bortelaget.

Sogndal som før kampen låg på kvalikplass til eliteserieopprykk fekk det aldri til å stemme på Bislett. Dei for høvet svartkledde sogningane likna lite på laget som for berre tre dagar sidan overkøyrde Tromsdalen heime på Fosshaugane Campus.

Med unnatak av ei heading frå Elvis, var det eit tannlaust Sogndal som baud hovudstadslaget på lite motstand.

SJÅ: Lyn - Sogndal i nett-TV

Lyn var best i alt

Fekk det til å klaffe, gjorde derimot Lyn, som før kveldens kamp låg ubehageleg langt nede på tabellen. Dermed måtte Even Hovland sjå barndomskompisen Vegar Gjermundstad frå Vadheim stikke av med alle tre poenga. Gjermundstad som ved nedrykket i fjor haust vart kåra til Lyn sin beste spelar, spelte heile kampen for heimelaget som tok sin første siger på eige gras i år.

LES OGSÅ: Kompisduell for to vaimingar på kvar sitt lag

– Det var lenge ein stillingskrig, men vi må seie at Lyn fortente dei tre poenga. Veldig fortent. Trenar Gunnar Halle har fått flott fasong på laget. Dei klarte å bryte ned forsvarsmuren til Sogndal som ikkje hadde noko å by på i dag, konkluderer NRK sin fotballekspert Hallvar Thoresen.

Sogndal held på 3. plassen også etter kveldens tap, mens Lyn klatrar til 5. plass.

SJÅ: Oppdatert tabell for 1. divisjon

Skjeldestad: – Såg ikkje om det var straffe

Sogndal sitt einaste mål kom etter 34 minutt spel, då laget vart tildelt eit omstridd straffespark som må kunne reknast å vere av den billige sorten. Men dommaren døme straffe etter halding i trøya, og Ole Jørgen Halvorsen sette ballen sikkert i mål.

Nybakt assistenttrenar og tidlegare Sogndal-kepper, Terje Skjeldestad, vil ikkje konkludere om straffa var korrekt dømt.

– Heldigvis så har ikkje slike auge som mange andre trenarar har, Eg klarte ikkje å sjå det. Men vi bukkar og takkar. Om det var straffe eller ikkje, det har eg ikkje peiling på, sa han til NRK i pausen.

Lyn - Sogndal 1 - 1 (3 - 1)

1. divisjon, herrer. Bislett Stadion. Tysdag 4. mai kl 18:00

Slik kom måla:

75 minutt:
3 - 1: Daniel Chima (Lyn).
Får eit langt innkast i bakrommet frå Hassum, kjem aleine med keeper, og set ballen sikkert forbi Leciejewski.

51 minutt:
2 - 1: Daniel Chima (Lyn).
Guessan skyt midt på keeper frå kort hald, Chima er frampå og set hovudet på returen frå 2 meters hald.

34 minutt:
1 - 1: Ole Jørgen Halvorsen (Sogndal), str.
Set ballen sikkert nede i venstre hjørne frå straffemerket. Sogndal får straffa etter ein svært tvilsom situasjon der det blir blåst for ei lita trøyehalding.

26 minutt:
1 - 0: Thomas Jacobsen (Lyn).
Forserer innover på bana etter pasning frå Risser, før han knallar til frå 20 meter. Ballen går nede i Piotr Leciejewskis høgre hjørne, utan at Sogndal-målvakta har ein sjanse til å nå den.