Vinnaren må ha synt att på ein god måte lokalt, nasjonalt eller internasjonalt. Det er du som bestemmer kven som skal vinne Luttprisen 2007. Det gjer du ved å gi din favoritt di røyst her.
I fjor var det Eva Weel Skram som fekk Luttprisen.
Dei fem kandidatane som har fått flest røyster 7. Desember klokka 12.00 går til finalerunden i veke 50. Luttprisen vert presentert på julelutt som vert sendt direkte frå Sogndal 21. desember, med fleire lokale artister på scena.
Green Granadas
Green Granadas
Med ekte og hardtsvingande rockabilly har kvintetten Green Granadas med Roger Allan Ivin, Odd-Erik Lothe, Ståle Søndreål Wick, Jarle Bernhoft og Inge Willy Hauge ved meir eller mindre sporadiske høve spelt i lag dei siste 12 åra.
I det som etterkvart har utvikla seg til eit reint overskotsprosjekt for dei travelt opptekne musikarane.
I år kom bandet med si første plate, Slidin' all over, som dei lanserte på Bremanger RockWeekens.
Bandet gjekk i haust rett til tops på fylkestoppen, og har lagt der sidan med melodien School-bells are ringin'.
Trine Marie Johansen
Trine Marie Johansen
Sangtalentet Trine Marie Johansen har vore i studio i Oslo for å starte innspelinga av det som før eller seinare skal bli eit komplett cd-album. Besøket i studioet til Svein Dag Hauge resulterte i songen " No Mercy", som 16-åringen frå Årdal prøvde på fylkestoppen.
Det vart ein suksess med topplassering og ho låg inne dei maksimalt seks vekene ein kan ligge på fylkestoppen.
Alt som åtteåring hadde Trine Marie Johansen sin første opptreden framfor publikum. Eit par år seinare hadde ein nervøs 10-åring den store scenedebuten.
Trine Marie Johansen både syng, spelar gitar, skriv tekstar og komponerar. For seks år sidan vart ho oppdaga av musikklæraren Øyvind Lægreid.
Trine Marie Johansen har så mange jern i elden at ho den siste tida har måtte nedprioritere musikkskrivinga. Skule står i fokus når ho nett no går på united world collage i Wales.
Sigrid Moldestad
Sigrid Moldestad
Foto: Scanpix
Sigrid Moldestad frå Breim sette i år opp suksessframsyninga Taus. Taus handla om historia til dei kvinnelege spelemennene i Nordfjord på 17- til 1900-talet.
Musikken vart også plate som kom ut for nokre veker sidan, til terningkast fem i VG. Moldestad er framleis inne på Fylkestoppen med visa Samuline som gjekk til topps på fylkeslista i juni.
Sigrid Moldestad er først og fremst kjent frå samarbeidet med honndølen Liv Merete Kroken i gruppa Spindel. Samarbeidet har mellom anna resultert i to cd-utjevelsar, Spindel frå 2001 og Aminje som kom i 2005.
Ungdomskulen
Ungdomskulen
Foto: Beate Grøndahl
Sunnfjordbandet har hatt ein suksesshaust, og har turnert både i USA og England. Dessutan fekk dei den prestisjetunge Riksalarm-prisen i haust.
Prisen betyr ein turne med rikskonsertane rundt om i Norge, og dei får spele på hovudscena under den store Hovefestivalen neste år.
Sunnfjordingane Frode Kvinge Flatland, Øyvind Solheim og Kristian Stockhaus i Ungdomskulen var i England då prisen vart utdelt, men seier den betyr mykje for dei.
I haust debuterte ungdomskulen i platemarknaden med albumet Cry-Baby.
Tone Damli Aaberge
Tone Damli Aaberge
Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX
Tone Damli Aaberge, har på kort tid blitt ein av dei største mediekjendisane i Norge. Ho gav ut si andre plate 8.mai i år. Dette var oppfølgjaren til salsuksessen Bliss om som kom seint i 2006. Bliss selde til 30.000 av debutplata si, men sogndølen har ikkje selt like godt av den nye, Sweet Fever.
Tone flørtar med den amerikanske countrypopsjangeren i ein produsksjon prega av akustisk pop med innslag av country og ein liten dose jazz.
Fabel
Duoen Odd-Erik Lothe og Torbjørn Ellingsen gav i sommar ut plata Fabel07. Det vart mykje støy frå tidlegare musikarvenner sidan Lothe valde å gje ut albumet under namnet Fabel , og ikkje Todd.
Dei resterande medlemmene i visepopgruppa Fabel, meiner det var feil av Lothe å nytte namnet utan deira samtykke. For Kjøllesdølen var det snakk om å få utgjeve plata eller ikkje. Plateselskapa tente nemleg ikkje på ideen å bruke TODD som namn på gruppa.
Melodien Epleslang var inne på fylkestoppen nokre veker.
I tillegg til den andre halvparten i duoen, Torbjørn Ellingsen, har Odd-Erik Lothe nytta strykarar, koristar, trekkspel, blåsarar og munnspel. Gjestevokalistar, som Kristine Sandtorv frå Ephemera og Elisabeth Moberg frå Kvinner på randen er mellom dei 25 musikarane som har bidrege på Fabel07.
Tonereise
Tonereise arven
Tonereise debuterte i platemarknaden med albumet "Arven" i haust. Musikken er i utgangspunktet tufta på songarven etter folkemusikaren Ragnar Vigdal som døde i 1991.
Sonen Klaus og borneborna Erling og Ragnar er sentrale i gruppa som tek musikken til den kjente tonekunstnaren frå Jostedalen vidare.
Vigdal samla hundredevis av gamle, religiøse folketonar. Sangstilen var svært særmerkt, prega av glidetonar og sløyfer i tonen.
I dag er Klaus Vigdal ein av få som meistrar sangteknikken som gjorde Ragnar Vigdal internasjonalt kjent som tonekunstnar.
I tillegg til tre blad Vigdal er gruppa Tonereise sett saman av medlemer frå bluesbandet Absolute Blues. Arve Lomheim sit bak trommene. Tor Magne Kvamsdal spelar gitar og Asbjørn Handeland trakterar bass, dobro og mandolin. I tillegg har Tonereise alliert seg med gitaristen Knut Reiersrud og sangerinna Rita Eriksen på plata Arven.
Håvard Lothe
Håvard Lothe
Foto: Torbjørn Fardal / NRK
Håvard Lothe har vore markant musikkprofil i Sogn og Fjordane dei siste åra. I haust platedebuterte han med det som mange meiner var litt av eit vågestykke. 24-åringen leverte nemleg eksamenskonserten frå Paul McCartney Akademiet heime i Flora. Albumet "Live In Concert" fekk blanda omtale av norske musikkmeldrar, men florøartisten fekk positiv omtale for stemme og stemning.
Det er songen Beautiful Ways som sålangt har gjort musikaren Håvard Lothe kjent i kongeriket, etter solid innsats i fjernsyns-programet Kjempesjansen i fjor. Elles kom florøværingen meir ufrivillig i fokus etter ein e.post på avvegar. Den skildra korleis få mediemerksemd knytt opp mot ideelle organisasjonar. Lothe meiner likevel at engasjementet hans for Bymisjonen er ekte.
Rock and Roll Roosters
Rock & Roll Roosters
Blues, Soul og Rock'n Roll står i fokus når dei fire i Rock and Roll Roosters entrar scena. Tore Nesbakk frå Bremanger og gitarvirtous Steinar Karlsen frå Eikefjord har etter kvart god bakgrunn frå sjangeren. Nesbakk som frontfigur og musikalsk leiar i ti manns sterke Tore Nesbakk Blues Band, og Karlsen som medlem av Good Time Charlie.
Saman med Aksel Fjæra (bass) og Anders Damås (trommer) var dei gjester på fylkestopplista i fem avstemmingar i vår. Fylkestoppsongen "She's Dynamite" var henta frå Ep'n Rock&Roll Roosters.
Sølvi Hopland
Sølvi Hopland
Foto: Sanden Media AS
Sølvi Hopland feira 10-års jubileum som plateartist i fjor. I år leverte vågsøykvinna albument " Vengespenn", den femte plata sidan debuten " Flyg lavt over livet " i 1996.
Sølvi Hopland er kjent for sine livssyns tekstar, men likar ikkje å bli sett i båsen religiøs musikar. Ho vil heller stå under bokstaven H i platehyllene.
Med tittel-låten frå Vengespenn tok Hopland to førsteplassar på fylkestoppen i vår. I november prøvde ho seg med songen "Meir til", men den kom ikkje inn på lista.
Olaug Alvheim
Olaug Alvheim
Olaug Alvheim har lenge drømt om ei musikalsk pilgrimsreise til Nashville, countrymusikkens Mekka. I sommar gjorde ho alvor av draumen, og vendte heim rik på minner og med eiga plate, Dreams To remember, som er inne i tredje periode på Fylkestoppen.
Sunnfjordkvinna er vokalist i contryrock-bandet Twilight, som i 2005 gav ut albumet "Working Hard", der ho står bak tekst og melodi til fleire av songane.
Heilt sidan ho som lita jente stod framfor speilet heime med hårbørste som mikrofon og var Tanja Tucker har Olaug Alvheim vore over opptatt av countrymusikk . Interesssa vart ikkje mindre då ho fekk møte og spele med den store stjerna for nokre år sidan.
Shine
Duoen Shine er Marianne Hagen og Tor Talle.
Tor Talle og Marianne Hagen har ein første og ein andreplass å vise til på fylketoppen frå dei fem omgangane Shine var inne på lista med "All My Tomorrows".
Tor Talle frå Leikanger er i ferd med å skapa seg eit levebrød som låtskrivar - og får samstundes oppleva å laga musikk ilag med heltane frå barndomen.
Tidlegare har han levert musikk til mellom andre Tony Mills, men han blir ein smågut samanlikna med Talle sin nyaste samarbeidspartner - tidlegare Deep Purple og Rainbow-vokalist Joe Lynn Turner.
På fylkestoppen var han aktuell som den maskuline halvdelen av popgruppa Shine. Den feminine delen og vokalutrykket tek Marianne Hagen seg av.
Good Time Charlie
Arle Hjelmeland
Foto: Oddleif Løset / NRK
Good Time Charlie har turnert i 25 år, men no ventar kanskje eit nytt publikum på bluesbandet med sunnfjordingane Arle Hjelmeland og Steinar Karlsen i front. I vår var nemleg bandet i Kina med sju konsertar i Shanghai og Beijing. Bandet ga samstundes ut sitt siste album «It's Alright» med kinesisk omslag.
Fast frontmann, songar, munnspelar og låtskrivar er Arle Hjelmeland frå Førde, som saman med bandets trommis Per Fredriksen har vore med sidan starten i 1991. Dei nyaste medlemmene er Øystein Lydvo på akustisk bass og Eikefjord-gitarist Steinar Karlsen.
Sogndal Storband
Sogndal Storband
Inspirert av dei gyllene storbandjazzåra frå tjue til femtitalet har dei dei glade sognemusikantane halde det gåande i 28 samanhengande år.
Dei 17 musikarane var innom fylkestoppen med standarlåten A-Tisket A Tasket vinteren 2007. Storbandet sitt repertoar omfattar heile storbandlitteraturen frå 1920 og fram til i dag. Storbandet spelte i 2007 på Balejazz for første gong, og er ein viktig instutisjon for musikklivet i Sogn.
Octavia Sperati
Octavia Sperati
Foto: Tommy NæssOctavia Sperati med fjordingane Tone Midtgaard, Gyri Losnegård og Bodil Myklebust selde 10 000 eksemplar av det kritikkar-roste debutalbumet «Winter Enclosure». I år gav det jentedominerte bandet ut albumet "Grace Sumbmerged".
Bandet leverer ei blanding av mørk rock og progressiv doom metal kombinert med harmonivokal og hulderaktig klaverspill i melodiøse melodlinjer.
Octavia Sperati er akkurat no på 10-dagers turne i England. Turneen starta i Cleethorpes 22.november og vert avslutta i Manchester 2. desember. Octavia Sperati var inne på fylkestopplista med "Don't Belive A Word " frå album nummer to, Grace Sumbmerged.
Ai Phoenix
The Light Shines Almost All The Way heiter den femte produksjonen frå Ai Phoenix.
Sogningane Terje " Bosse " Litsheim og Patric Lundberg har i lag med vestlendingen Mona Mørk, med aner frå Florø, fått ei høg stjerne i internasjonalt musikkmiljø med sin lågmælte musikk, av mange omtala som drøymepop.
Bandet har i haust turnert i mellomeuropa, der den siste plata vart lagt ut for sal i sommar.
Det er no 10 år sidan Ai Phoenix forsiktig prøvde seg fram i platemarknaden med å trykke opp 136 nummererte eksemplar av debutplata Film. Året etter, i 1998, vart plata relansert og sidan er det blitt fire album til frå trioen som kan vise til smigrande referansar frå musikk-kjennarar..
Austrheim musikklag
Musikklaget frå Gloppen er det eldste spelemannslaget i Sogn og Fjordane. Laget vart skipa i 1917 og feirar med andre ord 90-år i år. Jubileumet er markert med konsertar i alle 26 kommunane i Sogn og Fjordane.
Mellom anna var eit par hundre menneske med på å feire jonsok saman med Austrheim Musikklag då dei spelte opp til dans på Utvær fyr i Solund i sommar. Laget spelar tradisjonell slåttemusikk frå Nordfjord og Sunnfjord i tillegg til tango, sving og slagerar frå 40 til 50 år tilbake.
Keldian
Aurlendingane Arild Aardalen og Christer Andersen har klart det mange musikarar drøymer om, men få klarer. Sogneduoen har dratt i land internasjonal platekontrakt, og det i første forsøk med debutplata Heaven's Gate.
- Musikken er melodisk rock i kollisjon med melodisk metallrock. Resultatet er ganske overraskande, skriv ein amerikansk musikkmeldar.