Hopp til innhold

Treng di støtte

Pony The Pirate ønskjer hjelp av deg for å vinne NRK P3 sin talentkonkurranse.

Pony The Pirate (Foto: Vegard Giskehaug)

Gruppa som har medlemmer frå både Gaular og Ortnevik er ein av ti finalistar til Urørtfinalen 23.januar.

Premien er norgesturnè

Pony the Pirate konkurrerer med ti andre ferske band frå heile landet i Urørt-finalen. Skulle dei vinne spanderer P3 norgesturne på bandet.

- Det er sjølvsagt ein sjanse for at vi skal klare å vinne. Vi har jo ti prosent sjanse, sidan det er ti deltakarar. Men berre det å få vere med har gjeve oss mykje gratis pr. Vinn vi er det heilt fantastisk. Klart ein turne i Norge hadde vore svært viktig for oss.

Det sa Kurt Andrè Aase frå Bygstad i Gaular og Camilla Sæle Merkesvik frå Ortnevik i Pony The Pirate til lokalmusikkprogrammet Lutt i januar.

Plateinnspeling i heimbygda

For tida er bandet i Ortnevik, heimbygda til Camilla, på Høyanger sørside for å spele inn si første plate.
Sjå Vestlandsrevyen si sak om Pony The Pirate

- Korleis er det å spele inn plata si i heimbygda?

- Det er stas og kjekt. Her er flotte omgjevnadar til å spele inn ei god plate, seier Camilla Sæle Merkesvik.
- Det går veldig bra. Vi har eit hus for oss sjølve, og tid til å jobbe fram eit materiale vi er nøgd med, legg Kurt Andrè Aase frå Gaular til.

Røyst på Pony the Pirate

No håpar bandet, som seier dei spelar gladrock, på di støtte for å vinne Urørt-finalen.

Her kan du gi di røyst til Pony The Pirate.

Plata deira skal vere klar når dei er ein av gruppene frå fylket som deltek på bransjetreffet By:Larm i februar.