Hopp til innhold

Tone og Mariann på MGP-scena

Det er no klart at Tone Damli Aaberge og Mariann Thommassen syng sine eigne songar i Grand Prix 2009.

Tone Aamli Aaberge
Foto: Fredrik Arff / NRK

Tidlegare har vi fått vite at både Tone og Mariann har skrive kvar sin song til Grand Prix. No er det også klart at det blir dei sjølve som framfører låtane.

Hør alle årets MGP-låter her!

- Skitnervøs!

- Dette blir fantastisk kjekt, utbryter Tone Damli Aaberge. Eg gler meg som berre det, og har masse sommerfuglar i magen! MGP er anleis enn alt. Det blir kjempespesielt å bli med. Dette er ein gigaproduksjon, så utruleg stort, og det blir morsomt. Men eg er skitnervøs, innrømmer ho.

Framleis står det noko jobbing att med låta.

- Songen er ikkje heilt ferdig enno. Den er litt mer up-tempo enn det eg kanskje er kjent for. Ein skikkeleg gladlåt, avslører Tone til NRK.

Tone framfører melodien sin ”Butterflies" i delfinalen i Bodø 31.januar.
Sjå intervju med Tone og andre MGP-artister.

"U look good"

Surferosa
Foto: Fredrik Arff/Dinamo / NRK

Mariann Thommasen skal framføre sitt bidrag saman med gruppa si Surferosa. Teksten er skriven av Mariann, medan melodien er komponert av Surferosa og Lars-Erik Westby.

”U Look good” er ein fengande og temposterk låt som formidlar positivitet og trua på det unike i kvart enkelt menneske, seier Mariann. Teksten byggjer på ein sann historie om det å vere tru mot seg sjølv og tørre å vise verda kven du er. Først da kan du også elske andre.

Surferosa framfører sin song i delfinalen frå Kongsvinger den 24. januar 2009.